Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/325

Denne siden er ikke korrekturlest
– 313 –


Skrivar i Lyster. Seinar vart de Ogreie millom Ervingom paa Valbjør um Arven ette henne Barbro.

Imillom Brørom ’om Eirik og Jon Tronnssyni, som tok att Garden me Odel i 1558, og den neste Mann, de no finnst att naagaa um, maa de ha vore minst ein Le’ um ikje tvo. Han heite Tronn men Fars-Namne staar ikje og i Skatt’-Manntale for 1610 er han skriven for ein ’taa di 7 Odelsbøndom, Bygde den Gongen aatte. Tronn va Eigar for 7 Hu’e Jord te-samen, 4 i Valbjør, 1 i Helle 1 i Sem paa Biri og 1 i Blakar paa Lom. Tolv Aar ette heldt han Skjifte og da ha han ouka Jord-Eigunn sine me 312 Hu’e; ’taa desse laag naagaa i Romedal og naagaa paa Fron. Den eldste Son heitte Per og fekk Valbjør, ei Dotter vart gjift aat Haarelsta i Kvikne me ’om Paal Ivason Gjæsling. Han Per Tronnson va gjift me henne Anne Iva’sdotter Gjæsling og livde te i 1674. Ette som ein kan sjaa, ha han ei einaste Dotter, heitte Eli, og me ’om Per gaar Ækte paa Garde ut paa Kar-Si’a. Dottere vart gjift me ’om Jakup Gunnason fraa Fellese; han va fødd de Aare Slage sto i Kringom og langt att-ende va han nok ’taa Gjæsling-Ækten. Da han dø i 1682 ha han 7 Bon, tvæ ’taa Døtt’om va gjifte aat kaar sin Kvarbergs-Gard og eldste Son, han Tronn Jakupsson, fekk Valbjør. Han va fødd 1641 og va gjift me ei ’taa Gjæsling-Ækten fraa Øver-Øy. Denne Mann løyste inn ein Sys’kjin-Lot i Garde paa 3 Skjinn som fall paa han Anders Kleppe umkring 1540 og som sia’ ha fyl’t Ækten paa Odlo i Ringbu. Me ’om Tronn gjekk de te-atters saa han paa sine gamle Daagaa lout gjeva ein ’taa Gutom paa Norigard-Kleppe Pant i Garde for 642 Rd. Fyst fekk han halve Garden i Bruk, men te-sist vart han ve den heile. Bone hans kom no fraa Garde ei Ti’ te eldste Son, han Lars Tronnsson gjifta se inn-paa att umkring 1740. Son hans, han Tronn Larsson, va gjift me henne Barbro Toulsta fraa Lalm. Ækte sit enno paa Garde men Tronn-Namne er fulle burt.



Bratt-Ækte paa Bjølsta.

Gardnamne Bjølsta trur di Lærde kjøm se ’taa Manns-Namne Bjolv, som elles berre ska finnast nemnt ein Gong paa