Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/334

Denne siden er ikke korrekturlest
– 322 –

Ækten, ho Adalis Ellingsdotter, som aatte Toulsta; ho va Eingong gjift me ein Ridder og Riksraa, Taral Sjugurdsson Kane. Ho Adalis va eit rikt Kvinnfolk og aatte mykjy Jord her austa’ Fjelle; paa Toulsta va ho visst alder for naagaa Lang-Veran men de gjekk i gamle Daagaa ei Vise i Bygden, som kann vera eit Minne um ho. De va ei Vise um „ho Alis“ som no er burtgløymd og som begjynda saa: „Hei! sa ho Alis, ho rei over Røyse, drakk utu Øle og m. atti Trøyse“. Ei ’taa Døttom henne vart gjift me ein heitte Holta Jonsson og me henna fekk han alle Jord-Eigun henne Adalis her paa Upplanndom; førr han fekk døm i Eige, styrde han døm og mea’ ha han burtleigd Toulsta aat ein heitte Eirik Bjønnson (sjaa Bratt-Ækte). De ser mest ut te, at han Holta Jonsson har butt paa Garde ei snøgg Ti’, men i 1437 leigde han Garden burt aat ein heitte Ommon Nilsson og hann og Son ette ’om sat der sine Daagaa paa Leige, heilt te i 1516. Da han Ommon leigde Garden va alle Huse paa Garde ne-rotne. Han Holta Jonsson dø 1438 og da fall Toulsta og Kvennberge paa ei annor Dotter henna Adalis, heitte Kristine Taralsdotter; ho bar Uppnamne „Smørhetta“. Ette henna Daagaa va de ein ’taa Skjyllfolkje henna, heitte Botolv Endresson, som aatte Toulsta og han selde Garden i 1463 aat om Knut Alvson, Ridder og Riksraa og ein ’taa di største Jord-Eigarom, som nugun Gong ha vore i Norig. Han va ’taa ei svensk Ækt kallast „di tri Rosin“ og va ei Ti’ Høvismann paa Bernhus. Kjøpebreve paa Toulsta er skrivi i Bern i September 14635 (sjaa um han Alv, Kleppe-Ækte). Ette han Alv vart Eigar ’taa Toulsta ha han leigt burt Kvennberge og naagaa ’taa Garde aat Ein heitte Tore Stoun; men da han ikje ha greitt retteleg Leiga for Kvennberge, lout Son hans, lange Ti’e bakette, gjeva Frugun hans Alv, ho Magnhil Oddsdotter, Kviksta i Kvam for aa bli skjøld ve døm og Krave deres paa Far hans. Han Alv budde mesta paa Greffsen i Ness paa Hei’marken og budde alder paa Toulsta, men langt attende gjekk de i Folkeminne Ord um „Ridder’n paa Toulsta“. Han Alv dø 1495 og ette honom va de Dottere, ho Karine paa Greffsen, som ha Garden te ho dø ogjift i 1537. Fraa henna gjekk Toulsta i Lag me all di andre Jord’n ho aatte, aat ei Dotterdotter aat Bror henna Karine