kom aat Hvalby paa Ha’land fekk Baarsta paa Lalm og Kalsta og Kalstaru i Gousdal. Den einaste Dottere, ho Kari, fekk 184 Rd. i reie Pening for Arven sin; ho vart gjift aat Formo paa Sell.
De ha gaatt eit gomalt Sejan um kaarles Toulsta-Kaftin fekk all Toulsta-Aasen onde Garden; all denne store Skogvidde er hardle meir hell ei halv Rutmil[1] og ei ’taa største Skog-Eigom som ligg te nugun Gard i Gullbransdale. Jou, i di Ti’om, han Hans ha kjøpt Toulsta, va de eit Stor-Kvinnfolk paa Olsta paa Sell som heitte Janniken, ho va Dotter aat ein Frendrik Just Mogenssøn som aatte baade Olsta og Ulsvolln. Ho Janniken vilde kjenne se Rett i Skogje paa Aase og ho og Toulsta’n kunde ikje einast um Bytes-Lina. Da vart døm samde um aa gjera de saales, at døm baae skull staa upp ti’le um Maargaan ein viss Dag, han paa Toulsta og ho paa Olsta og møtast innpaa Aase. Der døm møttest, skulde Mar’stein staa. Men ho Janniken forsov se styggt: da Toulsta-Kaftin kom ut-paa Aasbrækka, ogo’ Sells-Gardann saag han ikje naagaa te henne og saa ropte han saa de lyddest ne-i Bygde: „Ho ha forsove se ho Janniken Olsta idag!“ Sia’ ha all Aasen høyrt Toulsta te o-anka.
Han Hans Paalsson dø ve Saamaarmaal-Leite i 1695 90 Aar gomol.
Den nest-eldste Son aat Bonnkaftine og som fekk Toulsta ette Fare, heitte Paal Hansson som førr er sagt. Da de finnst att naagaa han sjøl ha skrivi upp um Live sitt, er de best aa høyre hans eigne Ord.
„Jeg Povel Hansen er født paa Gaarden Tolstad i Aaret 1652 en Kyndelsmesseaften og var døbt af Hr. Henning Colderup[2], Sogneprest til Vaage. Aaret 1675 ved Pinsetider reiste jeg herfra Tolstad til Kristiania af Aarsag jeg ei vilde tjene her som Soldat, eftersom den herværende Kaptein, Hr. Ole Bruun, da havde skrevet til Soldat andre i sit Kompagni, lod mig hverve til Rytter af Mathis Anderson Tonsberg, daværende Stiftamtmand og Guvernør paa Agershus, hvor jeg var under Ridtmester