1. Hans f. 1695. 2. Knut f. 1697, gjift aat Ner-Øy paa Vaagaa. 3. Semon f. 1699, Sjersant, gjift me henne Eli Fliflet i Faaberg, Enkje ette Lutnan Fliflet som dø i Ofre’e Nora-Fjells i 1718; Semon vart Le’smann i Faaberg og sia’ har Ækte hans havt Le’smanns-Ombue, Son ette Far, te i vore Daagaa. Fliflet-Ækte er vidt ut-greina i Dale og Mjøsbygdom. 4. Anne f. 1701, gjift me ’om „Paal-Anders“ Bjønnsta. 5. Kari f. 1702, gjift me ’om Ola Litljem i Kvam. 6. Ragnhil f. 1705, gjift me ’om Ola Heringsta i Heidale, Mor hans Gottorm og hans Stor-Hans Heringsta. 7. Paal f. 1707, kom aat Haversta paa Fron. 8. Mari f. 1709, gjift me ’om Tord Leine i Kvam. 9. Marit f. 1711, gjift me ’om Jørn Flaagaasta, Le’smann paa Lesja. 10. Hans f. 1713, dø ogjift. 11. Ola f. 1715, gjift aat Kleppe me Dotter hans „Sterk-Tjøstol“. 12. Gullbran f. 1717, kom aat Baarsta paa Lalm.
Han Hans Paalsson, den eldste ’taa Bonom aat Lutnane, va gjift me henne Barbro Tordsdotter Bjølsta. Han va Les’mann i Bygden fraa di Far hans vart forr-gomol og te han kunde le’ Son sin løyse se av. De va han Hans, som slo Kaftin Grønner paa Bjønnsta (sjaa Bjønnsta-Ækte). Bone deres va 4, tvo Gute og tvo Jento, baade Gutann og Jentunn va Tvillinge. Han Hans Paalsson dø 1780.
Ette honom kom Tvillings-Son, han Paal Hansson, f. umkring 1725 og gjift me henne Mari Paalsdotter Tofte. Va Le’smann te fram mot 1790. Tvillingbror hans heitte Tord og gjifta se aat Haarelsta i Heidale; Son hans Tord er E’svollsmann Paal Tordsson Haarelsta, som de kjem lite um seinar. Han Paal Hansson og ho Mari ha 10 Bon, 5 Gute og 5 Jento, som alle livde og kom se godt fram. Ein ’taa Gutom som dreiv Fehandel, dø ogjift i Kristian. Han Hans dø 1812. Eldste Son, han Hans Paalsson, va fødd umkring 1760 og fekk Garden ette Fare umkring 1795. Han va gjift me henne Mari Olsdotter Slette, ’taa Bratt-Ækten. Fraa gomol Ti’ gjekk de eit Sejan um, at de va ei Sylv-Aar paa Toulsta og i Foutstugu-Kjellare skulde blanke Sylve liggje bert i Dagje. Fraa di kom de se, at de heldt se saa væl me Rikdom paa Garde. Hjorthøy fortel i „Gudbrandsdalens Beskrivelse“, at de fannst Sylvmalm paa Toulsta