Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/348

Denne siden er ikke korrekturlest
– 336 –


vekse Søt-Eple i Haagaa sine. Dette va nok den fyste Freistna’n me aa avle Søt-Eple saa langt uppi Dale og Folk taalaa mykjy um „Haagan hans Paal Aamote“. Han Paal dø i 1843 og alle ha gjeve ’om de Orde, at han va framifraa ’taa-hulde og væl-vørdt ’taa Granne og Sambygdinge.

De laag go’e Evne i di Grein ’taa Toulsta-Ækten som kom aat Haarelsta; han Hans Tordsson Stensrud som vart Prest i Kristian og dø i 1858 va Sone-Son aat Bror hans Paal Haarelsta. Stensrud va fødd i 1812 og vart Skulmestar i Heidale da han ha gaatt og lese; saa tok Pro’sten Krag se ’taa ’om og seinare Presten Schnitler og hjolpte ’om fram te Prest-Eksamen. Den tok han paa snøgg Ti’ enda han va vaksin Kar da han begjynda aa lesa te Prest.



Kleppe-Ækte.

Fyste Eigar’n ’taa Kleppe som ein no veit Namne paa, heitte Jo og mest visst er de, at de va Jo Andersson. Han maatte ha vore vaksin Kar da Svart-Douin gjekk i Dale; Mann er longe burtgløymt og naagaa Minne um han finnst ikje att te vore Daagaa. Men de er all Von te, at han va ein rik Mann, for attaat Kleppe aatte han Garde nord-paa Lom. Kleppe va den Gongen berre einn Gard og ha visst den Ti’e Svart-Douin gjekk, vore i saamaa Ækten minst i tvo Manns-Aldre. Allt som er kjendt um Avkjøme hans Jo Kleppe er de, at han ha ein Son og ei Dotter; kaa Dottere heitte er okjennt men Son heite Anders, hell Andres, som de Namne i hans Ti’ jemnan va skrivi for. Denne Andres’n Jonsson er de att ikje reint faae Minne um, for han er ofte nemnt i gamle Brev.

Han Anders Jonsson sat paa Kleppe i mesta ’taa eit Hal’t-hondrede Aar te umkring 1439 og han va baade ein vælhaldin og ein vælvørd Mann i Bygden. Att-aat Kleppe aatte han Stourrust i Sjaak og ha Jord-Eigo i Nesgardom og Andulsta[1] i Lom;

  1. Andulstad: no Ulstad.