Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/353

Denne siden er ikke korrekturlest
– 341 –
Sygard Kleppe.

Han Endre Knutsson maa ha vore ein aldrog Mann da han tok Sygard Kleppe i Bruk umkring 1590. Me Sys’kjinbaane sine, ho Aagot Andersdotter paa Toulsta (sjaa S. 324), ha han Endre ei lang og klaasot Sak og som tykkjyst aa leggje for Dagen, at han va ein sjøl-raa’og og ha’le vørdeslous Kar. Ho Aagot vart Enkje paa Lag ve Hondrede-Aars-Skjifte og saa tok ho han Endre Kleppe te Formyndar for di omynduge Bonom sine. Eingong han kom aat Toulsta, fann ho fram ein Ask me gamle Jord-Brev um Fars-Arven sin paa Kleppe, han Endre skulde sjaa igjønom for henne, um de kunde vera naagaa aa merkje se. Me di gjekk ho „udi Stegerset at lave noget til Mad“ og eldste Son’n gjekk „ned i Kjælderen at tappe en Kande Øl“. Den vetle Stonde va han Endre te-rei’e aa kaste inn-paa Varmin ein „Lagmands-Orskurd[1] af Nils Stub udgiven paa Eidsvolds Lagting Botolfi Aften[2] 1569“. Baade Mor og Sofi sakna trast dessa Breve og vilde veta, kaar han ha gjort ’taa di; han sto te, at han brende de upp, men Orskurden va ikje lenger naagaa tess, gat han paa. Detta drog mykjy Leitt ette se, døm kom baade for Bygda-Ting og Lagting me di og sist fekk døm Lagmann, han Hans Glad, radt upp aat Kleppe, Jønsukudagen 1608, te aa megle imillom se. Og han fekk ou te ei Semje me døm, som lydde saa, at Skjifte ette om Gamel-Jo Kleppe skulde staa me Lag, og den, som brout Semja paa nogor ’taa Si’om, skulde bøte 1 Hu Jord aat Hospitale i Oslo. Me desse skulde saa „al Had og Avind blive aldelis nederdempet“ og „god kristelig Venskab og Omgjængelse isteden renoveret og optagen“, men enno lagdest de meire te, aa kjangle um for døm.

Han Endre Kleppe er fulle av eitt ’taa di fyste Aarom ette Slagje i Kringom. ’Taa di fem Bonom hans vart ei Dotter gjift aat Tokse paa Fron, di hine vart verande i Bygden.

Eldste Son, han Per Endresson, fekk Kleppe og i hans Ti’

  1. Lagmands Orskurd kallast ein Dom Lagmann i gamle Ti’e kunde seja av um ikje Lagtinge va samla.
  2. Botolfi Aften: Dagen firi 17de Juni.