Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/354

Denne siden er ikke korrekturlest
– 342 –

vart Gardann skjølde aat i tvo Garde, saa døm ette den Dag skulde vera tvoug faste Bruk, kaar for se. Dette vart gjort i 1614 og sia’ har Kleppe stødt vore tvoug Bruk.

Ette ’om Per Endresson kom eldste Son, han Jo Persson; han brukte Gard’n berre ei stutt Ti’. Han Jo va sonlous men ha tvæ Døtt’ og den eldste, heitte Rønnog, vart gjift me di eine Sone paa Helle i Nordhera’, heitte Tjøstol Jonsson. Di tvoug fekk no Kleppe og me ’om Jo Persson dø List-Ækte ut paa Manns-Si’a paa Sygard-Kleppe og de er fraa Dotter’n, ho Rønnog Jonsdotter, Ækte sia’ røta se att paa Garde.

Han Tjøstol Jonsson fraa Helle va paa Mor-Si’a ’taa Gjæsling-Ækten paa Sambu, Mor hans va Dotter hans Iva Ommonson Gjæsling. Arven hans fraa Helle va 1 Hu 3 Skjinn Jord, 1 Hest, 5 Kjy, 5 Kvigo, 1 Ukse, 20 Soue, 1 Dyne, 1 Par Bløyo, 1 Skjinnfell, 4 Aaklæ’, 3 Høygjen, 1 Tyl’t Tre-Tallike og 112 Lispond Kaapaar. ’Taa Jord’n han fekk i Arv laag 3 Skjinn i Pottru i Øyer. Han Tjøstol brukte Kleppe i 34 Aar te i 1702.

Son, han Jo Tjøstolson, brukte Garden i 26 Aar te i 1728 da han heldt Byte me di 5 Bonom sine. I di Byte vart ikje Jorde lenger laataa ut millom Sys’kjinom, som førr ha vore brukt, men ho vart sett i Pening te 100 Riksdale Hu’e og som Aasætesmann lout løyse.

Eldste Son hans Jo Tjøstolson, og som fekk Garden ette Fare i 1728, va han Tjøstol Jonsson som de førr er fortalt um i Stykkjye um Kleppe-Brørann. Han Tjøstol fekk hell-ikje nugun Son og me di bli de paa nytt Lag me ein Kvinnfolk-Le’ List-Ækte held se paa Garde, me eldste Dotter hans Tjøstol, heitte Ragnhil. Ho vart gjift da ho va 16 Aar gomol me ’om Ola Paalsson, Son aat Dragon-Lutnane paa Toulsta, han Paal Hansson. Han Ola tok Garden ette ’om Tjøstol i 1741 og brukte han te han dø i 1774. Andre Minne um Mann, hell døm, som er nemde i „Kleppe-Brørom“ er ikje gjøymde paa.

Ette-Mann hans Ola Paalsson, han Tjøstol Olsson, er meire kjennt me di, han va ein Styrar og ein Drikkar, som i mangt og mykjy æktast paa Bestefar’n. Um Magte hans gjekk de elles ikje naagaa Ord i Bygden. Mea’ han Tjøstol tente Kongen va han Sjersant og fraa di Ti’n visste Folk aa fortelja,