Stykkjy i-mots ve Hopen att. „No fekk Vagvers-Merre staa, mea’ ho møkkja, ou!“ sa han Tjøstol.
Kjeringje hans Tjøstol va kome fraa Horgje i Heidale, Syster hans Per Horgje. Me Vælstande hans gjekk de te-atters, for han tulla og drakk og bar se ovørde aat paa mange Vis. Bygdafolke ha ikje naagaa Godt aat ’om og da han sist bar te aa trette ve Mor si um Fø’-Raa’e henna, fekk Alle ein Stygg aat ’om. Me dessa o-tylege Saken møtte han paa Saamaar-Tingje i 1797 og vilde faa Sakje paa Gong; Tinge sto paa Haamaar paa Lalm. Naagaa meire ’taa di vart de ikje for de fyste, men da han Tjøstol va paa Heimveg fraa Tingje um Kvell’n, va han drukkjin – han hulla ein lystog Springleik, da han gjekk Stigen sør-ette fraa Haamaar, saa døm høyrde han paa hine Siun aat Elven. Stigen laag reint ut-paa Elv-Bakka og der maa han Tjøstol ha snaava og fulle ut-i Elve, mest i saamaa Stonn som han gjekk og hulla paa Springleiken. Han fannst att i Elven Dagen ette og Folk tykte han fekk ein o-tyle Doue. De va enda ikje fritt for, at ein Bror hans i Heidale fekk Tankjin for, aa ha gjætt upp han Tjøstol um Eftan og støytt han ut-i Elve me Vilje. Um dette kom de ikje naagaa upp og saa vidt Folk visste, va de hell-ikje granska meir ette di.
Enkja ette ’om Tjøstol sat ille te og Bone deres lout Skjyll’-Folkje taakaa aat se; Garden vart burtsett paa Leige ei Ti’ te eldste Son vart vakse. Den eine ’taa Syniom hans Tjøstol va den namnkjennde Fjellmann, han Jo Gjende, som de staar um paa eit anna Stelle.
Ein ’taa Brørom hans Tjøstol Kleppe, heitte Paal, lyt de bli fortalt lite meir um her, da han va ein Bygda-Selle, som de ha gaatt Ord um te i siste Ti’om. Han va att-kalla ette Dragon-Lutnane paa Toulsta og va stødt kalla „Kleppe-Paal“. Han va den eldste nest ’om Tjøstol og va fraa di, han bar te aa vekse upp, naagaa for se sjøl og mest som ein Halv-Fjaaming, sinnt som inkort Illt, vind-øygd og fælt stygg. Att-aat desse karra[1] han fælt og va vablot te aa taalaa. Ongdomme og Galninge ha stødt slik Moro ’taa aa faast ve og ertast ve denne Eiter-Kveisa
- ↑ karra, aa karre: „skarre“.