og paa neste Ting lout „Tosten Kleppe løse sin Haand me 4 Mrk. Sølv“ for Slage. Detta henda i 1681.
Han Tostin Kleppe va fødd 1624 og dø 1700. Tvo Aar førr han dø, heldt han Skjifte, da va han Eigar ’taa 17 Hu’e og 4 Skjinn Jord; ’taa desse laag 172 Skjinn i Hole paa Lesja, allt de andre va inna-bygdes. Kaar ’taa Syn’om fekk ein Gard, den eldste, han Iva, fekk Kleppe, han Tord fekk Romongard og han Tjøstol Uppistugo-Haamaar, Nordigard Hollbø og naagaa i Skaarvangje, ei Dotter, som va gjift aat Helle, fekk Jord-Eigo i Helle og Bjølsta.
Han Iva Tostinson Kleppe er att-kalla ette om Iva Ommonson Gjæsling, Lang-Go’fa’ hans. Da han tok Garden va han ein Mann paa 46 Aar og gjift me henne Guri Olsdotter Skjelle fraa Dovre, trule Syster hans Tostin Skjelle, som de sia’ kjøm lite um. Flatningen og Nere-Sjaadal’n selde han aat Aalmuga i Hugusokne for 100 Riksdale, men da han ha stort Liv for Fisking og helst vilde ha naagaa for se sjøl, ha han raadt se te eit anna Fiskevatn i Sta’n. Mea’ han va Framveksting fall Russ-Vatne saa væl i Hogen hans, at han tykte de skulde vore Mon i, aa havt de store Vatne i si eigje Raa’. Men de va fiske-tomt og han grunnda paa, kaarles han skulde faaraa aat, aa faa sleppt Fisk i di. Jou, da fekk han høyre gjete, at Kaftin Bruun[1] paa Ner-Øy ha Fiskedam han ool Fisk i, dime gjekk han aat honom og fekk Lov paa naagaa Fiske-Oukje[2]. Fekk han me se ein Kar og saa bar døm Fiske-Oukje i ei Kløvflaske[3] paa ei Stong imillom se, radt fraa Ner-Øy og burt-i Russ-Vatne. Døm sleppte Oukjin i Ose og sette upp ein liten Mur tvert-ivi Osen te Bægje[4], saa ikje Oukjin skulde sleppe se aat Russun[5] me di saamaa. Dette va i 1669 og, 14 Aar ette, va de store Vatne vælsett me stor, feit Fjell-Oure og de vart trast helde for de beste
- ↑ Olluf Bruun, Kaftin, budde ette 1661 paa Sørem som da vart Kaftin-gaard; seinare kjøpte han Ner-Øy og fløtte dit. Stor Jord-Eigar. Han vart Ovest og Komandant i Trondem; aatte Lysgaard i Faaberg og budde der i siste Ti’om han livde. Dø paa Lag 1710.
- ↑ Fiske-Oukje, Oukje: „Yngel“.
- ↑ Kløvflaske: stor Tre-Flaske te aa kjøre i Kløv.
- ↑ Eit Bægje: Ha’felle, Mur, Braataa te aa bægje (møte) naagaa fraa; „Hindring“.
- ↑ Russun, ’taa Russa: Elve som kjøm utu Russ-Vatne.