Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/362

Denne siden er ikke korrekturlest
– 350 –

Fiskevatne burti Vaagaa-Fjellom. Han Iva fekk Bygselbrev paa Russ-Vatne og sia’ ha de fyl’t Garde.

Han Iva likna Far fine og han va ein Mann de gjekk fram-te me; paa hans gamle Daagaa bar de te aa bli Handel me Timber uppi di nørdre Bygdom i Dale. Han Iver Elisen og fleire te ’taa di Stor-Rikingom, som de va i Kristian, kjøpte de døm kunde faa ’taa stort Maalstimber[1] ogon-te Bygdom. Ein Mann fraa Dovre, han Tostin Skjelle, Bror aat Kjeringen hans Iva Kleppe, bar denne Ti’e te aa drive Timberhandel i di Store saa han i nogre Aar va ein grunnrik Mann og heitte „Rik-Skjellin“. I 1742 fekk han hjaa ’om Iver Elisen 45 872 Riksdale i ein Gong paa Skoghandel; men saa bar de te aa gaa att-over me ’om og da gjekk de likesaa fort paa den Lei’e og de enda me, at han vart ein ut-arm Mann. Han dø i 1744 og da sto Bue ette ’om i ei Skuld paa meir hell 35 000 Rd.; Folk kunde ikje skjøne detta braae Umskjifte og difor kom de ut, at dessa Rik-Gouvann i By’n fekk narra han ne-i ein Kjellar, siste By-Ferde han gjorde, og heldt han der te han lout gjeva døm Pantbrev paa allt, han aatte og ha. De va ikje fleire, som dreiv Elvtimber-Handel’n saa stort, som Rik-Skjellin, men nogre ’taa di rikaste Gardmennom paa Vaagaa foor me Timberhandel i desse Aarom. Han Iva Kleppe og den nest-eldste Son hans dreiv ut Timber i mange Aar; døm kjøpte de paa ymse Stelle i Bygden og fløytte de ette Ottun, Laagje og Mjøsen te utt’-um E’svoll. Og døm ha tent se go’e Pening paa Handele, de kan ein sjaa ’taa Skjifte ette ’om Iva, da han dø i 1750. Bue hans va eitt ’taa di største, som nugun Bonde ha ette se i Bygden, den Ti’e; oframt Pening utestaa-ande va Buskapen hans 8 Heste, 72 Nout, 50 Soue og 5 Svin. ’Taa Sylv va de 2 Kanno, 5 Stoup, 1 Koks, 55 Skjei’e, 4 Sylvbelte, 1 Sylvkjæ’e og 3 Brurkrono ’taa forgjyllt Sylv.

Bone ette ’om Iva va 3 Gute og 3 Jento, de va Knut, Ola og Tostin ’taa Karom og Kari, Brit og Mari ’taa Jentom. Han Knut Ivason, som eldst va, fekk Gard’n og gjifta se me henne Mari Torsdotter Bjølsta som han va Trimenning ve.

  1. Maalstimber, va 6 Alne langt og 12 Tumme i Toppe.