Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/363

Denne siden er ikke korrekturlest
– 351 –

Mann va ein drivandes Kar, men de va nok knapt um han naadde korkje Far hell Bestefar paa den Hande, og saa vart han hell-ikje gomol Mann. I 1757 møtte han i Lag me nogre andre Vag-Vere i ei Aasta’s-Sak i Valders; døm rei Valdersflye og da døm kom att-ende og naadde Leirongs-Myrom, sto Molta rou ette alle Myre. Mennann steig ’taa Hestom og sette paa aa eta Molte, saa lengje døm orka, men han Knut tykte alder, han fekk Metta si og ba hine, som va fornøgde, aa hemte aat se, ou. Døm saa gjorde te han endele ikje orka meir. Da døm kom i Salann att og skulde ri’e øver Molfly-Bekken, glatt Hesten onde ’om Knut saa han heldt paa aa skulde fulle att-aa-Bak, og ’taa di sleit han se te-ska’es inn-venndes. Han ha ikje ein Helse-Dag sia og dø i 1758, 65 Aar gomol. Han ha att 3 Bon ette se, 2 Gute og 1 Jente, eldste Son heitte Iva og den yngste Tord.

Fleire ’taa Sys’kjønom hans Knut Kleppe va saa namnkjennde Folk, at de her lyt fortjeljast lite meir um døm.

Den eldste ’taa døm alle va ho Kari, ho vart gjift aat Tofte paa Dovre me ’om Paal Semonsson, Soneson aat Kaftine paa Toulsta. Ho Kari va meire still og mindre forr se hell di tvæ hine Syst’n sine og difor er ho meire utu Minne sigjin. Nest henne i Alder va han Knut Kleppe; saa han Ola som dreiv Timberhandel. Han gjifta se aat Mo i Nordhera’ men Gjiftarmaale vart baanloust; han ha stor Hog te aa liggje fram-i Retts-Sakje og ha nettup faatt paa Gong ei stor Sak, da han bleiv paa Øvre Sjaadale um Housten 1751, berre 33 Aar gomol. Ette ’om Ola kjøm ho Brit, den fjorde ette Aldere. Ho vart gjift aat Graffer paa Lom me ’om Gottorm Nilsson Graffer. Da han Gottorm ha maalbore se for henne, ga ho ikje naagaa Javerde[1] me di saamaa og de va langt fraa, at ho tykte um han Gottorm, men Graffer va ein ’taa Storgardom i Nordbygdom, han Gottorm ha Pening att-aat Garde og Folke henna talde ho te. Saa vart de endele saa ho tok ein Hest, rei’ nord aat Graffer og skulde sjaa se forr[2], men ho etla se helst te aa seja Nei, da ho

  1. Javerde, utt: Javæle; m. tjukk l.: Jakvæ’e, Jaminne, Ja.
  2. Aaa „sjaa se forr“ va brukele summe Ti’e, saales; døm vilde sjaa baade Gard og Grunn og kaar sto te i Stugu og Stabur førr døm laavaa se burt.