Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/365

Denne siden er ikke korrekturlest
– 353 –

bevise de!“ svaaraa han Knut og um desse Orde fekk Karann ei lang Sak.

Han Tostin va liten i Vokst, kverv og lentog. „De kunde vorte Kar ’taa meg,“ sa han Eingong, „men Koten kom paa meg ’taa all Kall-Groute og Skjøre[1] eg lout ha i meg da eg gjætte i Veoli’n[2].“ De va nok „Ørne“, som ha født han mykjy me Skjør og Kall-Grout, da han va Gjætar aat henne; baade han og Brørann hans lout gjæte Saamaar-Gjætsla paa Sæter’n, ette som døm vart saa vilke[3] og Jentunn lout vera Budeio ette som døm voks te. Eingong kom han Tostin aat Graffer i Gjest, men de va folketomt i alle Stuguom; sist fekk han sjaa Kvinnfolkje sat paa Stall-Treve og klypte Sou og ho Brit sat nerast Dørn. „Nei, da ha ikje Fa’n tikji Ørne enno, hell, eg ser ho sit sjøl fremst!“ va de fyste han Tostin sa. „Aa, Neiggu, ha han hell! Ikje ha han tikji Maakan enno, hell, ser eg!“ svaaraa ho Brit. Han Tostin dø umkring 1780 og ha att 2 Døtt’ ette se; Bue hans va reint øy’lagt og ut-skuldogt da han fall av.

Ho Mari va den nest-yngste ’taa Sys’kjin-Leigde[4]; ho vart gjift aat Bjølsta me ’om Tord Tordsson som ho va Trimenning ve. Ho Mari va den ’taa Sys’kjinom som de ha gaatt mest Ord um og um ho er de førr fortald.

Ette ’om Knut Kleppe tok eldste Son, han Iva Knutsson, Gard’n i 1761. Saamaa Aare vart han utskrivin aat Hollstein og der dø han i Kongens-Tenesten i 1764, 27 Aar gomol. No brukte More Garden i nogre Aar te den yngste Son, han Tord, vart myndog; mea’ More sto for Styre vart Russ-Vatne fraadømt Kleppe og siste Bygslingje, som ikje va mange Aar gomol, gjort ogjyldog. Aalmugjin ha klaagaa paa, at saa mange ’taa Fjellvatnom i di siste Ti’om vart bygsla burt aat einkelte Menn, og kravde, aa faa att sin Rett aat Aalmennings-Vatnom fraa gomol Ti’. I desse ga Høgsteretten Aalmuga Me’holl og alle Bygslinn vart um-inkje gjorde saaner, som tvo. Kleppe ha havt Bygsel paa Russ-Vatne Mann ette Mann i over 80 Aar og ha fraa Fysten slept Fisk i Vatne, men de hjolpte ikje.

  1. Skjøre, Skjør: tjukk, sur Mjolk.
  2. Veoli’e er Sæter aat Kleppe.
  3. vilke, vilk: te-vakse, go-te se.
  4. Sys’kjin-Legde: Sys’kjin-Hopen.