Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/366

Denne siden er ikke korrekturlest
– 354 –


Han Tord Knutsson vart myndog og tok Garden i 1773; i 1777 gjifta han se me henne Guri Semonsdotter Tofte som han va mykjy i Skjylde me. Gjestboe deres sto paa Tofte, de va enda i di han Paal Bjønnsta bar Stabbin aat Tofte-Gjele og han Tjøstol Sygard-Kleppe rei fraa alle me di friske Mer’n sine. Ho Barbro dø um nogre Aar og ha ikje Bon ette se; eit Aar ette gjifta han Tord se andre Gongen me henne Guri Holbø i Sjaardale og som han va i saamaa Skjyldun me, som me di fyste Kjeringen. Me andre Kjeringen fekk han Tord mange Bon, men fleire ’taa døm vart gaa-ande ogjifte. Han Tord va ein drivtog Mann og heldt den gamle Vælstann paa Garde ve-like; i 1784 fekk han kjøpt Russ-Vatne onde Garden te full Eige og fekk Skjøte fraa Kongen paa de. Den eldste Son hans Tord heitte Iva og va att-kalla ette honom, som dø i Hollstein.

Han Iva Tordson fekk Garden umkring 1820; i Ofre’s-Aarom i 1807–08 og i 1814 va han Iva Sjersant, men fraa di Ti’om han laag ute er de ikje gjøymt paa naagaa Minne ette om. Elles ha de halde se Ord um han i Bygden te siste Ti’om, for han va ein gaamaa-full og lentog Mann, som ha stor Moro ’taa aa halde Spell me Bygda-Selle og Raringe, han raakaa frami. Dette va alder paa Illo, men summe Gongo fann han paa inkort, som baade va te Ska’e for ’om sjøl og som lett kunde enda ille for den, som forr vart. Eingong narra han ein halvgomol Mann te aa gaa burti Langmaarkje og vetja ei Maar-Felle, han ha sett upp der ein Sta’n. Han Iva fortalde ’om, at han ha seett Fella laag nere, og at de laag naagaa bront og laa’e[1] onde. „Va han myrk bron, sa du?“ sporde Mann. „Ja de va naagaa bront for mine Ougo,“ svaaraa han Iva. „Ja de va ’taa rette Karom da, høyre eg!“ sa Mann og sette aat i di verste Oføre, saa han heldt paa gjekk upp, førr han kom fram. Og da han kom der Fella va, laag de ein gomol – Honnskjinn-Hanskje onde!

Ein ein-ra’e[2] og troskjyldog Mann, heitte Kristafor-Hans, va ofte i Arbei’ hjaa ’om Iva og hann dreiv han mange Smaa-Spell me. Ein Vinter, døm heldt paa laagaa se paa Sæter-

  1. laa’e: haarot, „loddent“.
  2. ein-ra’e: endefram, lite tenkt.