Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/368

Denne siden er ikke korrekturlest
– 356 –


’taa desse, elles saa sterke Æktom, meir og meir ha gaatt te-attrs me Helsun.

Ækte paa Nordigard-Kleppe sit enno paa Garde, og ette 1614 ha de vore Mann ette Mann te vore Daagaa forutta nugun Kvinnfolk-Le’.



Lonnde-Ækte.

I Sjougaars-Ofre’e i 1565–1570 va de me ein Mann fraa Lonnde som heitte Ola Toresson. Da han kom heim att fraa Ofre’e, bar han me se ein Pil-Running[1] som han skar i tvo Parte og sette nea-for Huse paa Lonnde. ’Taa di Runningom voks de upp tvæ store Pile, den eine dø ut for 60 Aar sia’ men den andre va de Liv i enno i 1894. Mea’ denne Mann brukte Lønnde brann alle Gardann, som den Gongen va 4 paa Tal, og ihop-bygde. Folk kjyllte aat fraa alle Gardom umkring og ein ’taa Kvarbers-Mennom sa di Orde, me di saamaa han kom: „Her staar ille te!“ „Aa, eg ha seett de verre ou, eg, den Gongen eg va me og brennde sjoug Kjørkje-Sokn i Sverig!“ svaaraa han Ola Lonnde. Ette di Braanaa fekk Lonnde-Gardann Lov te aa hogge se Hustimber i Hytt-Li’n onde Sambu, og den Moorka-Vegen døm rødde se upp og kjørde heim Timbre ette, kallast enno Lonnda-Vegen. Han Ola Toresson er dø paa Lag den Ti’e, Slage sto i Kringom. Kem han va gjift me er okjennt.

Son hans heitte Tore Olsson og livde millom 1565 og 1650; allt, som er funne te Minne um han, er berre de, at han er nemnt millom Logretts-Mennom i ei Sak 1609 og saa finnst han i Skatt Manntalom. Eldste Son, han Ola Toresson, fekk Lonnde ette Far sine, ein yngre Bror, heitte Iva, ser ut te aa ha gjifta se aat ein ’taa nørdre Sambus-Gardom.

Han Ola Toresson er ette Folkereknings-Listun aat Glostrup fødd 1596. Kjeringje, Marit Ivasdotter, va komin fraa Uppigard Sør-Sambu, Dotter hans Iva Gjæsling. I Kjering-Arv

  1. Running: Rot-Skot.