vilde freiste aa gjæte han upp um Lourdags-Kvelldann, døm sprang ette ’om, allt døm orka og naagaa meir, den eine Gongen ette di andre – men aa naa honom, de va som aa taakaa Fugel’n i Ve’re. De va mest som døm skulde sprongje ette ein Skjuggje og døm kunde ikje utgrunne, kaa detta va te Kar.
Best de va, vart Kleppe-Budeia søkkjande burte ei Natt; allt døm leitte og allt døm sporde og grov, saa gjorde døm korkje saag hell høyrde de minste te henne meir. Ho lout ha vorte inn-tikjin, de kunde ikje ha se paa annor Gjerd.
Eitt Aar ette, kom de ein framon Kar inn-i Gard’n paa Kleppe ve Avdaagaas-Leite[1] um Kvell’n og senda Bo inn aat Kjeringen, at han va fælt nødd um, aa faa taalaa ve ho trast. Kjeringje gjekk ut aat ’om og Ærende hans va, at han vilde faa ho te Ner-Kono[2] aat Kjeringen sine, ho ha nyst faatt baan-illt[3] og va hardt laak. Kjeringje ba se onda meste, ho va go-te, men denna Framonde høyrde ikje Nei og han gav se ikje, førr ho laavaa ut, aa vera me. Han ha upp-sala Øyk staa-ande te-rei’e og Kleppe-Kjeringje steig i Sal’n paa Vaag og Visk, for denna Mann vilde likesom ikje ut me korkje kem han va, hell kaar han budde. Da Kjeringje ha sett se upp, tok han som eit stort Turklæ og sløngde upp-ivi ho og no visste ho ikje ’taa nugun Ting, førr dom va kome inn-i ein stor Sal og der va de saa fint og blankt, baade høgt og laagt, at de berre glema og skjein ’taa kaar Ting. Men onderle døle[4] og tongt va de, inne der, og Kleppe-Kjeringje bar te ottast, at de va aat di Onde-buandes ho ra kome. Bar’seng-Kjeringje laag i ein Kaavaa for se sjøl og bar se ille i Baan-Ri’om. „Ho har de nok hardt,“ sa Kjeringje. „Ja; du kjenne ho nok førr, du,“ sa Mann og lette upp Kaavaa-Døre. Og kem va de, mena døkk, som laag der, a’an hell Budeia, som vart burte paa Kleppe den førre Vinter’n?
Baan-Eiga sto baade snøggt og væl av se, antell de vart Gut hell Jente, ha nok Kleppe-Kjeringje gløymt aa fortalt. Da Bar’seng-Kjeringje fekt Maal og Tal for se att, sa ho: „naar du no ska gaa att, saa lyt du passe paa aa skjote deg bakum