Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/372

Denne siden er ikke korrekturlest
– 360 –

han va baade ’taa Gjæslingom og ’taa Lonnde-Æͤkten og Trimenning ve ho Rønnog. Han Iva Jehansson laag ute da han tente Kongen og va trule me i „Løvendalsfeiden“ 1711. Eldste Son hans heitte Jakup ette di Sone hans Lars Kvarber, som dø ong, og me di vart ikje Jakup-Namne burte paa Garde. Han Jakup Ivason va gjift me henne Guri Paalsdotter Tofte fraa Dovre; døm tok Gardin umkring 1740. Ho Guri ha stor Heimafyl’d og ette henna finnst de enno att ein Ullskjinn-Fell paa Garde like go, som da han va gjord. Son hans Jakup og henne Guri, han Iva Jakupsson, fekk ei einaste Dotter som vart gjift me ’om Ola Paalsson Toulsta umkring 1800. Den gamle Ækt-Følgja paa Garde er no brote.

Paa Nigard-Kvarber va ein Mengde Sylv som va kome somt fraa Sambu, somt fraa Tofte og somt fraa Toulsta. De finnst no paa „De Sandvigske Samlinger“ paa Vetlhaamaar.

Paa Uppigard Kvarber heite den fyste Mann, som no er kjennt, Tore Tostinsson, Namne er skrivi baade for Tore og Tord um ein-a’an. Han er „Bondelensmand“ i 1608 og va ein rik Mann, for i 1610 er han Eigar for 912 Hu’ Jord. ’Taa di Jord’n laag 3 Hu’e i Killi paa Dovre, 2 i Haave i Rustbygden, 2 i Groupe i Kvikne, 1 i Bryn paa Sydorp, 12 i Røysem i Kvam og 1 i Fouksta i Heidale. Paa Kvarber sat han Leiglenning og „Landherren“ va for de fyste Rosenkrans, sia’ ho Pernille Gyldenstjerne og saa te i 1646 Mads Pedersen, Fout i Baahuslen.

Han Tore, hell Tord Tostinsson er te full Visse ’taa Brattom og ’taa Valbjørs-Ækten, for ette ei Lagtingssak i 1612 va han i nere Skjylde me ’om Tronn Valbjør og ’om Gottorm Heringsta. Han dø i 1622 og ha da ouka Jord-Eiga si me 3 Hu’e Jord i Fron, Gousdal og Ringsaker; Bone hans va 5, tvo Syni og tvæ Døtt’. Gutann ha nok baae fløtt ut, den eine trule aat Haave paa Fron; Ækte livi nok enno paa fleire Garde i Frons-Bygden.

Ette han Tore Kvarber va avfullin ha Soknepresten Kristen Mule bygsla Garden og ette honom Ettemann, Fredrik Glostrup[1],

  1. Fredrik Glostrup, Son aat Oslobispen Simen Nilssøn Glostrup, va Prest paa Vaagaa 1645–1667 og gjift me henne Else Mikkelsdotter, Enkje ette Firi-Manne Kristen Mule.