Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/374

Denne siden er ikke korrekturlest
– 362 –

han Paal Hvidtfeldt va burte. Reise-Passe hans aat di Ferd’n er enno te, de gaar ut paa, at alle ska skaffe ’om Paal Kristensson den Skjuss’n han trøng baade te-lanns og te-baats, fram og att-ende aat Slotte paa Akershus. Han Paal ha ette desse vore en Kar saa go-te se, at han kunde sendast i store Ærendo. ’Taa ei Rets-Sak lenger fram i Ti’n, um Bygselretten aat ein Gard i Heidals-Skogbygden, syne de se, at umkring 1595 ha de butt ein Fout paa Toulsta, som heitte Paal Kristensson, og de kan ikje vera naagaa Misstak, for de er fleire Vitne som samstava me di. No va de denne Ti’e, millom 1595 og 1600, ette Lensreknskapom, ein Fout i Gullbransdale som heitte Paal Leth og de kan vera mog’le, at de er den saamaa Mann. Kaarles dette no kan haa se, saa er han Paal Kristensson fulle burt ve Hondredeaars-Skjifte og ho Aagot sat att Enkje me 5 Bon, 3 Gute og 2 Jento. Mea’ summe ’taa desse Bonom va omyndoge, va Sys’kjinbaane henna Aagot, han Endre Kleppe, Vergje for døm og kaarles de gjekk av se er førr nemnt (sjaa S. 341). Da alle Bone vart vaksne umkring 1612, skjifta ho Aagot Jord-Eiga si imillom døm og da syne de se, at de er Farsarven henna fraa Kleppe, ho er eigande for, og Mann henna, han Paal Kristensson, kan ikje ha vore Eigar ’taa nogor Jord. Den eldste Son, han Kristen, fekk Ellingsbø i Heidale, den nest ’om, han Anders, fekk Bjønnsta og den yngste, han Jo, fekk Rottem. Di tvæ Systen fekk se te-laataa naagaa i ymse ’taa desse 3 Gardom og i Kruke, Kleppe, Valbjør og Mo, den eine ’taa døm va gjift aat Odlo i Ringbu.

Han Anders Paalsson Bjønnsta ha fløtt aat Ner-Bjønnsta i 1609 og vart ein Mann som va mykjy umtaalaa um de ikje nettup va for di Go’e, allt. Han fekk Namne „Galn-Anders“ og de Namne bar han nok hell-ikje for inkje; han drakk og naar han va drukkjin, va han ein aagaa-lous Ovørding som va baade stygg og farle, og Grannann hans va jemnan verre hell ille ute for ’om i Lag og Sam-Kommo. Paa Baarsta va han Eingong me i ei Ligjerd[1]; han laag go og drukkjin i Benkje inna’ Borde

  1. Ligjerd (Li-Gjerd): er full helst eit Øl-Lag Grende va te-samen um aa gjera; kanhende de va de saamaa som Dona.