Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/376

Denne siden er ikke korrekturlest
– 364 –

Garde og umkring 1620 er han i Skatt-Manntale rekna me Odelsbøndom, og ’taa døm va de ikje meire hell 8 i Bygden; han aatte 412 Hu’e me Jord. Han Galn-Anders er dø paa Lag 1650 og ha att 6 Bon ette se; ’taa døm va de berre ein Gut, heitte Paal Andersson, og han fekk Gard’n ette Fare. Han Paal va ein fre’ele Mann og likna ikje Far sine paa nogor Gjerd. Jorde paa Bjønnsta vart saa smaabytt millom ’om Paal og Systom hans, at han aatte berre de halve i Garde mea’ han livde. Han dø i 1673 og ha 7 Bon. Døm brukte Gard’n ihop me Mor sine radt te i 1693; da fyst heldt døm Skjifte og eldste Son, han Kristen Paalsson vart ve Gard’n. De va Rikdom paa Bjønnsta da dette Skjifte va halde og de va han Kristen, som ha styrt saa væl, at Bue ha ouka gjillt sia’ Far’n dø.

Han Kristen Paalsson ha stødt i Folke-Minne bore Namne „Gamel-Kristen“ og de vise se, at han ha vore ein framifraa dug’le Mann. Daa Vokst va han ei Kjempe og sterk som ein Jutul, men han va ein fre’ele og go-eint Kar, som ikje va mykjy Illt i. I dagle Lag og for de Snøgge, saag han ut te aa vera ein stor Go-Sou, og de Lage fyl’de mange ’taa Bjønnsta-Ækten fram-igjønom; men elles visste han Kristen kaa han vilde, naar de galdt paa, og va allt anna, hell eit Lokkar-Baan. Da han tok Gard’n, bar han te aa løyse inn alle di smaae Erve-Lotann i Garde ette Sys’kjinom aat Far sine; fine eigne Sys’kjin løyste han ut me Pening og um ikje mange Aar aatte han Ner-Bjønnsta allt upp. Han ha go Raa’ paa Pening ette Ti’n og de, han tente Pening me, va Kvenn-Hogging i Kvennbergje paa Toulsta. Førr Kaftin kjøpte Toulsta, fekk kem, som vilde, Lov te aa rødja se Berg og hogge Kvenne der, naar døm la fjorde-kaar uthoggjin Stein i Tiend aat Grunn-Eigare. Og han Kristen Bjønnsta ha 5–6 Kare i Kvennbergje Aare rondt og sjøl kjørde han Kvennsteinann aat Kristian um Vintrann. De ha enda vore sagt, at han kjørde Kvenne inn i By’n tri Vintre ette ein-a’an og ikje ha Snjo-Sokke paa Føtom paa nogor Ferd. Likesaa va de sagt, at han gjorde saa trouste Vi’ju-Drætte[1] i Skjækom sine, at Eingong han kom att fraa ei Byferd, va døm enda saa faste,

  1. Vi’ju-Drætte: Drætte (Drag) i Sle’a ’taa Vi’ju („Vidjer“)