Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/378

Denne siden er ikke korrekturlest
– 366 –

han Hendrik Smidt, som va Dommar og Dommen lydde paa, at Ruste fraa Bygda-Vegje og te-fjells va Aalmenning baade aat Finntryun og Uppgardom og aat Snel-Gardom og Bjønnsta-Gardom. Lagmanns-Dommen kjennde Heimretts-Dommen ogjyldog og dømde Ruste for full Eige onde Snele og Bjønnsta, de saamaa gjorde Oberhoffretten og la han Hendrik Smidt i ei Bot paa 10 Riksdale for di, han ha dømt i si eigje Sak ette di, han aatte Haakaasta og Haagan i Uppgardom. Han vilde elles haa de te di, at han berre ha leigt Haakaasta ’taa Enkjun ette Preste Henning Munk, ho Anne Glostrup, men, da de gjekk i Herdingje, va han heilt Eigar ’taa Garde. Høgsteretten sta’festa Dommen og i 1704 gjorde han Gamel-Kristen ei Ferd aat Kjøpenhamn, for aa taakaa imot Høgsteretts-Domme og rei’e ut Kostna’n.

Da han kom aat Kjøpenhamn spordest de trast, kaa denna store, førvuksne Nordmann foor i, og Fatti’folk ringa se um han paa Gatun og ba han um ein Skjilling i Guds Namn. „Du norske Mand som har vundet Sag, und os en Skilling af Pungen!“ sa døm. Detta ha han Kristen havt i Ventom og ha laagaa se paa me 8 Riksdale i Tvoskillinge som han delte ut, kaar ein, ’taa, og Byfolke tykte, han va ein stor-tøk Mann. Fraa desse Kjøpenhamns-Ferd’n sine tykte han de skulde vore hogle, aa havt me se naagaa heim att te eit Minne, og saa kjøpte han ei Mat-Gryte, ei Skjeppe og ein Bismar. Da han ha kjøpt Gryta møtte han ein Mann paa Gatun, som sa ve han: „den Gryde springer, min Mand!“ „Trur du de,“ sa han Kristen, „enn du ikje skulde vilja vore me meg og bytt um att Grytom!“ Jou, de va Mann viljug te og døm valde ut ei, som Mann forsikra ’om ikje skulde „springe“, men han Kristen lout gjeva 8 Skjilling i Millom-Lag. Og sannt va de, som han sa, ho sprang ikje, men de va saa blout Malm i henne, at ho surta Maten all sin Dag, og sist vart ein ’taa di seinare Mennom paa Bjønnsta saa lei ho for di, at han gjekk ut-paa Dørahella og slo ho i Stykkjy. Men Skjeppa og Bismar’n va paa Garde ette ’om te for førretjuge Aar sia’.

Førr, for han tretta um Rust-Maarkje, sette han se i Trette ve Toulsta-Kaftin um Kvennbergs-Retten. Kaftin kjøpte Toulsta i 1686 og me di saamaa sa han utu Bergje alle, som førr ha drivi Kvenn-Hogging. Detta va ikje han Kristen hoga te aa