Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/383

Denne siden er ikke korrekturlest
– 371 –

dine att paa Ha’fellom og gjæl som svoltne Kraako, døm!“ og me saamaa blekte han me di store Graavest-Flakom og gool ette Kraakun. Detta vart Toulsta’n styggt arg paa han Kristen for. Ein a’an Gong døm raakaast, gat Toulsta’n paa, at han ha ein fir-ærings Grong saa gjill, at han vilde vaage, at de fannst ikje Ukse paa heile Lalm, som ha forr aa stangast ve han. Ja, Bjønnsta’n ha ingen Ukse da, som han tordest vaage, men han ha ei Ku, som han va viss paa, ikje kryssa Uksa hans. Detta gjorde døm Vaagan um og taalaa av aa møtast ein viss Dag i ei Lyu i Bjønnsta-Jorde. Da Dagen kom møtte Toulsta’n me Uksa og Bjønnsta’n va ou kome, men ista’n for Kue ha han me ein Brennvin-Donk, som di tvo tok te aa stangast ve inn-i Lyun. Donken vart deres lange Mestar og yngste Son hans Kristen lout kaamaa me Øyk og Sle’a og kjøre di tvo Karann upp aat Bjønnsta, da de lei’ te Kvells.

Denne Ti’e budde de ein Kaftin Grønner – Grüner – paa Ourbu-Stugun paa Ner-Bjønnsta. Grønner drakk og ha eit leitt Ord paa se for aa vera louslynd; paa Bjønnsta ha han me se ei Slure som heitte Spell-Ingri som elles skulde vera ’taa ei ’taa Stor-Æktom i Bygden. Namne sit ha ho faatt ’taa di ho leet paa Langleiken. Grønner og Bjønnsta’n va goe Busse og naar døm fekk Toulsta’n me se, heldt døm go’e Lag uppaa Ourbu-Stugun. Ein Kvell sat dessa tri i godt Møle og drakk, ho Spell-Ingri leet og allt som jemnan gjorde Karann se ein Sving burtpaa Golve. Best de va kom Toulsta’n og Grønner i Ordkast og, førr nugun visste Orde ’taa, ga Toulsta’n Kaftine ein go Nevadask midt i Skallin, saa Nakkjin hans svaaraa att-i Veggje. Grønner vart rasandes, floug upp og slo Døre i Laas og greip Kaara si paa Veggje. „Nu skal Øyne og Øren drive af dig!“ sa han og vilde bruke Kaara paa Toulsta’n. „Ja no er mitt Liv ute!“ sa Toulsta’n men han Kristen tok Grønner i Bringa og Toulsta’n hengde se paa han baka’paa og saales styrde døm ’om, te ho Spell-Ingri fekk upp-att Døre. Da skout Toulsta’n te-dørs, men i di saamaa fekk Grønner lous høgre Haande og hyggde ette ’om; Kaar-Odden naadde uppi ein Aas i Flat-Takje saa Flisinn dreiv. Ha ikje Kaara tikji uppi Aasen, ha Toulsta’n faat Hogge imillom Ekslom. Grønner og han