Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/386

Denne siden er ikke korrekturlest
– 374 –

Mang-ein Gong va de grovt oført paa Lesjaskogje og de va stor Vande aa kaamaa um ein-a’an, naar Ferdmenn møttest me tonge Lass. Eingong møtte Bjønnsta-Gutann 4 hell 5 Døvre paa høgste Skogje, døm kom fraa Romsdalsnese me Salt og Fiskevare, va fulle og sette paa hue og skrike, at ha ikje Gutann se kvasst ’taa Veggje, skulde døm faa bra Hogg. Ja døm ga no Halv-Veg og ikje meir, for døm ha tonge Kønn-Lass paa; men Døvrann vilde brote se fram, for de va Kare som leit paa se, og sette paa, vilde velte Kønn-Lasse deres uttum Vegen. Men da vart Vetl-Gutann sinte og Døvrann kom uttum Vegen sjølve. Eldste Bror hans Paal, han Gamel-Anders, fortalde um den Kula sia’: „Oss tok fyst kaar sin ’taa Karom og kasta langt ’taa Vegje og, ja Gu’ss-De, tok oss Lasse og Øykjinn deres og velta uti Snjogen, ou!“ sa han, men han tykte nok, døm foor hardt fram, den Gongen. Døm brukte stødt paa aa gjø’e 3 og 4 vaksne Svin paa Ner-Bjønnsta i di Ti’n, og Svine gjødde døm me Heil-Kønn[1] og reiv alder aat døm. Eingong Bjønnsta-Gutann reiste paa Nese, ba døm Hus paa ein Gard paa Lesja. Kjeringje sporde kaar døm va fraa og de fekk ho veta. „Er døkk fraa di Garde, der, døm gje upp saa mykjy Kønn paa Purkom?“ sporde ho. „Aa ja, oss gje upp mykjy Kønn paa Purkunn, men saa har oss att saa oss bergast,“ svaaraa han Paal.

Da han Tord Kleppe og ho Guri Tofte gjifta se i 1777 va han Paal me i Gjestboe deres paa Tofte, han va no Trimenning ve Brure, maa’ta og saamaa Folke ve Bru’gommen ou. De va eit Storlag ’taa fyste Slag og de Gjestboe va mykjy umgjete. Naar de kom ihop Folk fraa fleire Bygde i eit slikt Lag i di Daag’om, onge og sterke Kare, summe, saa va de lett gjort de kunde bli eit Tvidrag me inkun, naar døm gjekk um ein-a’an Viko te endes; langt va de nok alder millom Drammom, hell. Og saa ha no stødt kaar Bygd vilja aatt di beste og evlogaste Karann, maa’ta. No va han Paal Bjønnsta den største og føraste Kar’n i Lagje og i sine beste Aar, han va 27 Aar, den Oongen. De va eit grovt Vyrkje, tykte Døvringann, men han va saa grann

  1. Heil-Kønn: heilt (ogrøypt, o-rivi) Kønn.