Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/389

Denne siden er ikke korrekturlest
– 377 –

han kom inni Stugo att. Men han foor ikje væl ’taa di Lyfte, han Paal, han skulde faa Brokk ette di.

Døm vog se, Eingong, han Paal og yngste Bror hans; døm kom fraa Romsdalsnese og saa gjekk døm burt-paa den store Lem-Vegte aat Lesja-verkje. Detta va nok i 1793, da va han Paal 43 Aar og han Iva 25, men de va Gute som heldt Vegte: døm sto 7 Vogje – 126 Kg. – kaar se. Men de va de rare, at han Iva va tyngst, for han va meire turrlagd hell han Paal og ruvde ikje braatt saa mykjy, Høgde me dom skulde vera som kaart-um-anna.

Han Paal Bjønnsta va ein stor Arbei’s-Træl som laag i seint og ti’le me kaa Slag Arbei’ som fall, men han ha tongt Hann-Lag og Arbei’e gjekk me Drev og Tyngs’l for ’om. Og hell-ikje ha han stor Tankje forr se. Da Skriunn gjekk som styggast i 1789, sto han Paal i eit ’taa Glasom i nørdre Stugun paa Bjønnsta og saag paa kaarles Skriunn sopte me se Gronn-Skogen burti Sta’e-Li’n, paa hi Si’a aat Lalms-Vatne. „Nei sjaa Gronne, kaa ho stupa burti Sta’e-Li’n, du!“ sa han, „harde Dyre-De, de va te-høvs aat Gronn, du.“ Kjeringje gjekk og høyrde paa og tykte nok detta Snakke va lite ohøvele og illt aa høyre paa. Nord og ogo’for Garden paa Bjønnsta saag de ut te, aa vilja brotne ut ei Skrin, og, ljøp ho ut, vilde ho kaamaa beint paa ein stor Rog-Aaker. „Du fær gjeva burt ei Hal’tynne Kønn no, Paal, saa kanskje Vorherre berga Rog-Aaker’n vor!“ sa Kjeringje. „Aa nei, Gu’s-De, de agta eg ikje, førr eg fær sjaa!“ svaaraa han. Jou, kalle for i saamaa Stonn losna Skrio ut nord-i-Bakka – „aa ja, no da!“ sa han Paal; da vart Kønn-Hal’tynna fal, men Skrio tok de meste ’taa Rog-Aakre, lell, ho. „Aa Gu’s-forbanne deg, da, lell!“ sa han. I Slaat-Onn ein Saamaar va de saa hardt um Høy-Turk, heile Ti’e, at Folk va reint uppraadde me aa faa i Hus. Alle gjekk og venta paa, at de Eingong skulde letne og kaamaa Klaar-Ve’r. Da va de ein Dag nugun paa Garde fekk sjaa han Paal gjekk ute og einstirde uppi Himil’n. „Berre paa Trass, berre paa Trass,“ sa han for se sjøl – de saag nok ikje rart ut, tykte han. Sia’ ha Folk detta te Ordtøkje: berre paa Trass! sa Bjønnsta’n, han saag uppi Himil’n.