Han Paal dø i Skurd-Onn 1837. Saamaa Dagen, han dø,
senda han Bo paa ein ’taa Husmennom sine paa Rusten, at han
skulde kaamaa ne og hesja upp Ertre som laag ne’re. Da Mann
kom um Maargaan gjekk han uti Klevan aat ’om og sporde han,
kaar de sto te, for han ha ligji laak ei Ti’. „Du er visst hardt
laak no, Paal,“ sa Mann, han saag, at han Paal ikje kunde ha
langt att. „Aa, eg er ikje saa grovt laak, hell, eg har illt naagaa
for Bringun; eg lyt faa deg te aa kjøre ne og hesja upp
Ertre mi, eg, Ola – bli ho liggjande nere lenger no, saa eet
Skurd-Folke upp ho,“ sa han. Da de lei’ te Dugurds-Leite um
Dagen gjorde han fraa se. De va 4 Bon ette ’om, 2 Gute og
2 Jento; eldste Son heitte Kristen og fekk Garden, den andre
fekk 80000 Krono i rei’e Pening og Laat me hine i Lousøyre,
Jentunn fekk 4000 Kr. kaar se i Pening og Likt i Lousøyre.
Han Kristen Paalsson vart den siste Mann ’taa Ækten som sat
paa Garde Mann ette Mann; han gjifta se me ei ’taa Gjæsling-Ækten
paa Sambu og me henna fekk han eitt einaste Baan, ei
Dotter. No er Garden kome paa framonde Menns Henn.
Den yngste ’taa „Vetl-Gutom“ hans Kristen Bjønnsta, Bror hans Paal Kristensson, lyt der gjetast lite meir um. Han heitte Iva og va att-kalla ette om Iva Gottormsson Sambu. Han va fødd 1768 og gjekk og las aat Monkje; ette han Iva va vakse raakaa han Monken i Lands-Prestgarde Eingong og helsa paa han. „Du har vokset over mit Hode, nu,“ sa Monken som elles va ein stor, høg Mann. De va de beste Hugue paa honom ’taa desse Brørom og han va den, som va mest go-te se; i Ongdomme dreiv han me Fehandel og laag i Heimdale me Fe um Saamrann. Som di hine Bjønnsta’ann va han tøyg og go’vordin men naagaa meire To va de i ’om, hell i hine Brørom hans. Paa Bymarkna’e um Houstann raakaa de summe Ti’e te aa bli ei og annor Hard-Kula imillom Fe-Karom fraa di ymse Bygd’-Lag. Vissa va de jemnan Onaa’e imillom Vag-Verom og Øy’-Verom denne Ti’e, saa imillom 1785–1812, og Øy’-Verinn ha Ord for, aa vera naagaa Rengjo og leie Folk aa faast me. Og naar Norddølinn og Øy’-Verinn raakaast i Buom hjaa Brennvins-Kremarom i By’n, enda de oftast me Ovenskap. Han Iva Bjønnsta heldt se fraa, men ein Gong kom han uppi ei Roso, saa han vart sinnt.