Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/414

Denne siden er ikke korrekturlest
– 402 –

Greive Raben. Ho Ingri og Syst’n henna ha lært naagaa meir hell Gardmanns-Døtt’n plega, for de va ei Jomfru Bay (’taa Bay-Ækten, S. 397) som heldt te paa Fellese, og ho lærde Jentom der baade aa skrive og mange Slag Handarbei’. Romongards-Kjeringje va namngjetin baade for Husstelle sitt og for Haagaastelle sitt, ho va nok paa Lag den fyste her i Bygden som ha ein skjikkele Haagaa. Ho fekk se Bær-Kjørre fraa lange Lei’inn og ha nogre Søteple-Tre ou; ho va ou ’taa di fysste som avle Jordeple i Bygden.

Ein ’taa Brørom hans Tord Tordsson, han Gamel-Jo Romongard, va ei Kjempe paa Vokst og va i beste Aarom hans hulde for ein ’taa magtogaste Karom som va i Bygden den Ti’e. Fleire i desse Ækten paa Romongard va store, stoute og sterke Folk me go’e Evne; han „Sigurd fraa Sell“, som Vinje skriv um i „Ferdaminni“, va nettup den eldste Son i ein ’taa Ækt-Le’om paa Romongard. Han ha ein ygre Bror som va eit utvalt godt Hugu og Prost Krag stræva mykjy me Foreldrom hans, at døm skulde le’ Son studere, han bou se enda te aa lesa me ’om sjøl, men døm vilde ikje gje Javerde sitt paa de – Son skulde vera Bonde, som hine i Ækten.

I di siste Manns-Aldre er Romongard fraa Ækten kome, men enno har ho mange Greine aa helde se uppe ette paa fleire Stelle.