Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/417

Denne siden er ikke korrekturlest
– 405 –

di barst de ihop. Stor-Gjeneral’n sat inna Borde og han Eirik sto frama’for og Gjyll-Løva og heile hans Følgje sto umkring og saag paa. Stor-Gjeneral’n va Gut me Seno i Armom, men no fekk han au strekt paa døm – den grove Ruggen lout upp fraa Benkje, Armen rakna og Finger’n likesaa og Einangjin ha knept aat saa hardt, at Skjinne paa Langfingre aat Gjenerale flakna me fram-i Gomen saa Blo’e rann. Illt va de, maa’ta, og Skamm va de attpaa, og Sinne beit Stor-Gjeneral’n saa han greip i Kaarskjefte sitt, men da va Einangjin kvass te aa sope di tjuge Dalann ne-i Huva si og la te-dørs. Detta ha Gjyll-Løva stor Gaamaa ’taa, maa’ta, for han tykte stødt de va saa grepa, at Nordmennann sto Kare, hann. Og ette som han Eistin Slette fortalde, ha nok Gjyll-Løva faatt ein Maalar te aa skjildre av denne Krok-Dragingje. For da han sto ve Garden saag han eit Maalarstykkjy paa ei ’taa Samlingom i Kjøpenhamn, som lout vera den: de sto ein høg Offeser og retta fraa se ein blo’otte Finger og ein Bonde heldt paa sopte ein Peninghoug ne-i Huva si.

I 1775 va de tvo Rekar-Fante, som ha brote se inn i ein ’taa Aassaar-Gardom og stole 2 Rifflo, 2 Smør-Kanno ’taa Tenn, 10 Alne graatt Vønmaal, 1 Firiklæ’ ’taa grøn Rask og 112 Aln me blaa Stamet. Mann paa Garde, han Sjugurd Aassaare, sette ette Tjuvom og heldt paa aa naa døm att burta’ Aassaar-Brue, men da senda den eine eit Riffelskot imot ’om og Kula slog av Tollknivskafte i Skjeiom hans; me di lout han snu heim att. Da gjekk han radt aat Einangje og fekk han Eirik me se, sette ette Tjuvom ivi Fjelle og naadde døm att i Kjeksli’n burta’ Aamots-Gardann’. Di tvo Tjuvan va Far og Son og tvo store Furke, Far’n heitte Paal og ha vore Bergmann paa Røyros men va fødd og uppalin i Jemtlann. Son heitte Mons og kalla se „Mons for Norig“, han ha vore i Tenest eit halvt Aar paa Gjestvang paa Hei’marken men ha tikji paa Fantstigen og fare flakka nugun-kaar Sta’n.

Da Einangjin og Aassaar-Mann naadde døm att, vart de eit skumle Basketak – Einangjin gouv paa han Mons for Norig og Aassaar-Mann paa Far hans. Men saa sterk Kar va’n Mons, at de sto hardt han Eirik vann over ’om; onde lout han, „og han dovna naagaa da eg bora han i Øyro me Tollknive mine“,