Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/419

Denne siden er ikke korrekturlest
– 407 –

Folk gjekk me Otte paa se te kaar Ti’. De va ein heitte Nils og den andre Jakup og andre Namn hell Tjuv-Nils og Tjuv-Jakup ha ikje Folk paa døm, for døm va ikje Bygdafolk nugun ’taa døm. Baae tvo heldt se i Skog og Maark i Skugg og Skjyle og saa vare um se va døm, at korkje Faut hell Le’smann va Kare for aa faa Tak paa døm.

Daa Staal-Sætrom va de ein Maargaa, fysst paa Saamaare, Budeia i Haarelsta-Sæter’n vart søkkjande burte, Krytyre vart staaande te langt fram-paa Dagen førr di andre Budeiunn paa Stule vart var di. De vart leita høgt og laagt, vidt og breidt og sist vart de ringt me Kjørkjeklukkom ou, paa Vone, um ho kunde vorte inn-tikjin. Men burte va ho og burte vart ho og ingen kunde skjøne kaarles de ha gaatt te.

Lite seinar um Saamaarn va de ein Dag de kom inn ein ong, vælklædd, utta’byggdes Kar i ei ’taa Veoli-Sætrom. Han fekk Mat og Skjenk for Budeiunn trudde han va ute paa Øykje-Leiting. De va ein lentog og morosamd Kar og da han ha sute ei Stonn, bar han te aa gjera Konste aat Budeiom saa døm ha go Moro ’taa di. Best de va, sporde han ette um døm kunde skaffe ’om ein utslitin Skraa-Sole, saa vilde han syne døm, at han va Mann for aa taakaa Fisk i Veun paa ’om og de ogo’-aat Veofosse. Ei ’taa Budeiom fann ein stor Skraa-Lapp ho ha seet laag og drogst fram-me Veggjom, og da denna Sellin gjekk ivegen paa Fisking, fylgde Budeiunn i baae Sætrom me for aa sjaa paa detta Spire. Men Fisken beit ikje, maa’ta, paa Skraa-Lappe og de sa Jentun au, at de visste døm firiaat. „Aa de bit nok inkun Sta’an,“ meinte han, kasta Skraa-Lappen fraa se og tok upp-me Elven.

Men, da Jentunn kom fram-paa Sætrinn att, saag de vakkert ut! – de ha vore Folk inne i baae Selom og tikji all den Budrotten som va. At de va han Nils og ’n Jakup som ha vore framme att, visste alle, men kaa hjolpte de, naar de ikje sto te aa fakle døm.

Ve Larsuk-Leite um Housten kom de ein ong Gut gaa-ande fraa

    saales som Hougen høyrde de i sine Baan-Daagaa, og at de ligg ei sann Hending te Grunn for di er ikje aa tvile um, men de er de onderlege, at ikje naagaa er funne um de i Rettsbøkom fraa desse Ti’om. Sjaa Stykkjy um han Tjuv-Tjøstol og han Tjuv-Nils S. 86.