kjeringo va de nokk ’taa i alle Bygde, døm, ein minnst venta ou; mangei rik Gardmanns-Kjering, ja Prestfrugo teshell, va Trollkjering naar de berre kom for Dagen. Men døkk veit, døm freista ’taa all si Magt aa halde de dølt.
Den, som ha Hog te aa veta, kem som va Trollkjeringo i Bygden, han ha’ radt for, aa faa Greie paa di, naar han berre va hekkla nokk. De va berre aa gaa inni Kjørkja Jønsuku-Natte lite firi Midnatt, og setja se i ein Stol me ei rangvendt Jord-Torve paa Kronun og tri Malt-Konn imillom Tennom. Da va ein viss um aa faa sjaa kaar ei einaste Trollkjering, som i Bygden va, for Jønsuku-Natte lout døm ha Mot i Kjørkjun me Styggje sjøl. Døm samla se ute paa Kjørkjegarde, og Kjeringun kom ri’andes i louse Ve’re fraa alle Kante, alle rei’ paa Solve, Turu og Sleive, Grevskaft, Møkja-Reko og de, døm fyst ha funne. Naar Midnatts-Timin begjynda, kom døm gaa’ande i Ra inn-over Kjørkjegolve og de va ei skumle[1] Ferd aa sjaa paa. Firi gjekk Styggen sjøl og sia kom døm, ette som døm ha Rangen sin te; naar døm kom fram-aat Altare, dansa døm umkring han nogre Gongo og i Danse foor døm saa styggt og osømle aat, me saa stygge, motbo’ne Fagte og Avlæte, at ein fekk ikje vera veik i Hugustole, som skulde staa ut me aa sjaa paa.
Og ofte kunde Ein da faa sjaa baade Skjyll-Folk og Granne og goe Kjenninge; ja, Eingong va de ein, som fekk sjaa Mor si gjekk saa langt fram-i Ra’n, at ho va den femte hell sette nest ette Sjøl-Gute, da døm gjekk inn-over Kjørkjegolve.
Naar nogor vilde gjeva se inn te Trollkjering, gjekk ho fyst aat Kjørkjun ei Tordags-Natt og stakk lous ei Flis ’taa Kjørkjedør’n. Den Flise gjekk ho ut-paa ei Bru me, slepte ho ne-i Elve og sa desse Orde: No vil eg ette denne Dag ikje kaamaa nerar Gudsrikje, hell denne Flise kjøm Kjørkjedør’n att. Saa lout ho møte ei Natt i Kjørkjun aa bli skrivi inn-i Bokje hjaa ’om Gamel-Eirik. Da fekk ho lære di fyste Svartkonstinn’, fekk Troll-Katt og fekk Lov aa vera me i Jønsuku-Mote. Sia lærde ho meir og meir og steig i Rang, ette som ho va go-te gjera Styggje te-villis. Den Katten, som alle Trollkjeringo ha, va nok den
- ↑ skumle: myrk, otokka.