Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/46

Denne siden er ikke korrekturlest
– 34 –

støste Firi-Mon døm fekk, for han kunde døm setja dit, døm vilde og mest kaa de va kom han fraa aa gjera. Han drog te Husann allt, døm trongde og fraa kaa Stelle døm vilde, antell de va inna-bygdes hell utta-bygdes og han va de, som va Ærendsveinn deres naar døm senda ut Skot[1] og Finn-Kulo, hell gjorde Illt paa Folk og Fe.

Trøll-Katten fekk Folk jemnan sjaa; han saag ut som eit stort, graatt Ulltraa’-Nykkla[2] som trilla saa fort ette Maarken, at de mest ikje gjekk an aa følgje ’om me Ougom. De va enda Ein, som skout ihel ein Trøll-Katt Eingong, langt att-ende mea de va tjukke Furuskogen i Vaagaa-Moom. Den Ti’e brukte døm Staal-Baagan aat all Vei’ing og no va de ein ong Gut, som ha vore ut-i Toll-Skogje i Vaagaa-Moom og skote Ikonn. Da han gjekk paa Heim-Lei’e att og kom ut-paa Sonn-brue, kom de trillande eit stort, graatt Nykla imots ve han og Guten la ei Pil paa Baagan og skout tverrt ihel detta Rokkla[3]. Men jou, de vart ei heit Skure aa staa for Gute – de kom ei Kjering aat ’om paa heilage Flekk, som ho skulde kaamaa ne utu louse Ve’re, saa stygg og sinnt, at de va tett-ve de gneista ’taa ’n. Ho laavaa om baade Sott og Sjukdom og tjugetals Olykko for de, han gjorde og de hjolpte ikje korkje Bøn hell Aarsaaking. Sist sa ho ve Guten, at disom han tagde still me dessa, som henda va, og alder gnustra eit Ord um de saalengje han livde, saa skulde ho sleppe ’om lell. Men sleppte han berre ut eit halvdrigji Ord um de, saa skulde han kaamaa te aa raatne levandes ’taa Verd’n. Guten laavaa væl ut aa tegja still me di og de heldt han ou, saa lengje, som Trollkjeringje livde; men da han høyrde, ho va me-rokjin tenkte han som saa, at da kunde de no ikje vera nugun Fare, um han fortalde de, han visste. Men ikje førr ha’ han gjete um de, saa vart han laak og sengjeliggjande og de enda ikje be’re me ’om, hell som Trollkjeringje sa, han raatna ’taa Verd’n.

Mest stødt ha Trollkjeringunn Katten sin ute paa ei Lei’, og mykjy attaat foor han i Fjosom og tok Mjolk ’taa beste Mjolke-

  1. Skot, Finn-Skot: Braasjuke paa Nout, jemnan „Miltbrand“. Upphave aat desse Sjukun va mest stødt Finn-Kula, ei hard, ronn Kule som va ihoptøvd ’taa Folkehaar, Nouthaar, klypte Neg’l o. m.
  2. Nykkla: Nysta.
  3. Rokkla: ronn, bustot Ting.