Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/48

Denne siden er ikke korrekturlest
– 36 –

Nykjyl-Pipa laag der og kvit-glødde i lang Ti’, men endele kom ho drivande som eit sterkt Ve’r saa Sveittin tilla og droup ’taa ’n, og nettup ho, døm ha Tankjin paa, va de, ou. Ho gjorde Læte og sporde ette Drykkje-Kalvom sine, døm ha vorte burte, sa ho, og saa sporde ho, um døm ha Vatn, for ho va saa fælt tyrst. Den eine va te-rei’e aa kaamaa me ein Vats-Bolle og me di saamaa han retta henne Bollin, lest han aa missføta se, greip forr se me eine Haann og klønte Hol paa Kjeringje onde eine Ougae saa Bloe rann. Da ho ha drukkje se otyrst, gjekk ho sin Veg, men ho ga døm kalde Ougkast, da ho gjekk fraa døm.

Skje’svoll-Skulin va no stødt slik Kar te aa vilja freiste allt me slike Ting, han; aa ja, han kunna no meir hell anna Folk, ou, de er no ikje be’re aa seja, hell de va, de. Og Eingonø fekk han me se tvo Kare og gjekk aat Vaagaa-Kjørkjun Jønsuku- Natte og vilde sjaa paa Trollkjeringunn – aa han va hekkla Gut, maa’ta, Skjes’voll’in. Ja døm gjekk uppaa eitt ’taa Overloupom og sette se me ei rangvenda Jord-Torve paa Kronun og tri Malt-Konn imillom Tennom. Og da Mi’natts-Timin va ute, kom Styggen sjøl inn-ivi Kjørkjegolve me heile Rei’n ette se – de va nok ein fæl Hop han ha me se ou. Den eine ’taa di tvo, Skje’svoll’in ha me se, vart saa illhyffsin og redd, at han heldt paa vilde o-veta og Huva hans datt ’taa ’om og ne-paa Kjørkegolve. Men da va Skje’svoll’in saa hekkla, at han slepte se ne etter Hendom og tok att Huva. Men døm fekk sjaa meir hell ei Kjering i Mote, som døm ikje ha venta og døm vilde alder gjeta, kem som va me; døm sa de, at alder ha døm tenkt se, at de fanst saa mange Trollkjeringo i Bygden.

Aa jou, døm ha nok naagaa aa faaraa i, Folke, naar døm i gamle Daagaa bar slik Otte paa se for Trollkjeringom og Roon-Konstom deres. Ein kan skjøne, døm ha vore ille ute for desse Troll-Skape, me di døm va saa vare me aa setja Kross paa kaar ein Ting, døm brukte, baade i Stugu og Stabur, i Bu og Kjellar. For naar Krossen sto paa ein Ting, saa ha ikje Trollkjeringje Magt te aa taakaa si Hand i han, lenger, og difor skar døm Kross paa Koppe og Kjer, Sleive og Turu og alle di Ting, som i Bruk va. Berre de vart gjort ein ny Solv, slo Solve-Maakaar’n ein Kross me Tollknive ivi Kvost’n, hell han gjekk ut me Solve