Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/5

Denne siden er ikke korrekturlest
Firi-Ord.

De er no tjuge Aar sia’ eg skreiv „Segner fraa Vaagaa“ og som „Det norske Samlaget“ gav ut i 1894; „Segnerne“ er no paa de neraste utseld og difor kjøm Bokje her i ny Utgaave og me di Namne, som de allt fraa Fysst’n va mi Meining ho skulde bore. Paa desse tjuge Aarom har eg sanka ihop mykje nytt Vyrkje fraa gamle Brev, som de enno finnst att naagaa ’taa her og der, og fraa di, som gamle Folk har fortalt; men de meste har eg sanka i „Rigsarkivet“. Allt dette er no fellt inn i denne Utgaava og me di er meir hell Halvparten nytt; elles er de Heile umveelt og um-maata saa at „I gamle Daagaa“ paa den Gjerde er, aa seja for, eit heilt nytt Arbei’.

Ette som Tankjin er, skulde „I gamle Daagaa“ vera fysste Parten ’taa ei Histori, hell Skjildring, um Vaagaa-Bygde me alle Si’o ’taa Bonn’live og Framvokste fraa di gamlaste Ti’om, te upp mot Midten ’taa di siste Hondrede-Aare som gjekk. Berre me desse fysste Parte vil de kaamaa te aa vante mykjy paa, at de er gjeve eit klaart og greidt Bilæte ’taa allt di, som lyt taakaast me, um Arbei’e skulde haa den fulle Verdaagan for Ette-Ti’n.

Andre Parten er etla aa vera ei fullgjord Utgrei’ing um Vaagaa-Bygde me Vidd og Grendso, Lanns-Lag og Natur, Folk og Folketal, Leve-Vegjinn og kaa, som har me døm aa gjera; sia’ lytt allt, som kan syne Framvoksten baade i Aandsliv og Næringsliv i di ymse Ti’s-Baalkom, draagaast fram, antell de er gjøymt