Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/54

Denne siden er ikke korrekturlest
– 42 –


at han ha seett Mein-Raa’e att-ende og no fekk han sjøl li’ de, han ha etla Tjuve. „Og saa ha han bore se gale aat,“ sa Aksleson, „han skulde lagt Mjøl-Paasan onde Sessen henna Kjørr-Aaste og ikje onde Hugue. No finns de ikje annor Raa’ imot desse, hell aa graavaa upp-att ho Kjørr-Aaste og taakaa att Mjøl-Paasan. Et han da upp Mjøle sjøl, saa kan de hende Hugu-Illska gje se, men visst er de ikje,“ sa Aksleson. Da Mann fekk høyre dette, tykte han nok de va hardt aa gaa paa; men Hugue hans verkte og verkte, verre og verre Natt og Dag og dime gjorde han Folk ne-paa Kjørkjegard’n te aa graavaa upp-aat ho Kjørr-Aaste og finne att Mjøl-Paasan hans. Og no aat han Mjøle upp paa den Gjerde, at han blanda de i anna Mjøl og kokte Velling ’taa di. Men enda vilde ikje Hugu-Illska gjeva se og Endin vart den, at Mann rouk me, da de lei’ um ei Ti’. Detta spordes ivi all Bygd og Folk tykte de va eit Spir saa stort, at Kjørr-Aaste-Mjøle va um-taalaa i lange Ti’e ette.



Skrymt og Att-Gangare.

Døm, som gjekk att og viste se for Folk ette døm va doue, va jemnast Illgjerds-Menneskjo som ha ei hell annor fæl Miss-Gjerde paa se, og da gjekk døm helst att paa di Sta’e, som Ogjerde va gjord. Mesta va de slike, som ha plaaga og arma Smaafolk og Fatti-Mann, hell som ha sløtt Mar’steine, gjort rang Ei’ hell bøygt Retten og kjøpt se range Domme for Stikkpening. Og døm, som gjekk att, fekk alder Fre’ i Graven, førr di, som livde att ette døm, gjorde godt att de, som døm ha forbrote. Men de va ikje stødt, at den som gjekk att, ha gjort nogor slik Miss-Gjerd, og de kunde ofte vera bra Folk som alle ha berre Godt aa seja um. Kaales de da ha se, at døm ikje fekk Fre’ i Graven, va de ingen som visste.

At Att-Gangarann gjorde Folk Mein naar døm viste se, henda nok mest alder; de henda nok døm sta’na Øyken for Ein og A’an midt paa Natten i ein Kross-Veg hell nere ve Kjørkja, og saa kunde døm skræme nere Live ’taa Folk me aa syne se fram. Men elles va de eit Onders-Hende, at døm gjorde Ska’e og Olykke paa Nugun.