Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/55

Denne siden er ikke korrekturlest
– 43 –


Detta, att døm tverr-sta’na Øykje i Vegje paa visse Stelle, kunde mangein Gong vera leitt nokk, naar Ein vart staa-ande der og ikje kom korkje att hell fram. Og paa di Stelle slikt henda, ha de ou gjennast vore gjort ei Ogjerd, Eingong i Ti’n. De va ei sikker Raa’ imot di, at Hesten sta’na, men de lout ver hjerta Folk, som skulde tørjas aa bruke ho. De va berre aa gaa fram-i Hugue paa Heste, gjeva se att-me Si’un og lyfte Hugu-Lage ut-fraa Kjaakaa saa langt, at Ein fekk sjaa imillom Hest-Kjaakaa og Hugu-Lagje. Da fekk ein sjaa kaa de va, som heldt Hesten, men da galdt de um, aa kaamaa se kvasst uppi Kjør-Amboe ou, me di saamaa, for Hesten losna stødt me Eingong og sprang som han skulde vore vet-lous ette.

De va Ein døm kalla Gamel-Hougjin, eit fælt Vyrkje te Kar og Gut, som ikje va redd Skuggjin sin. Han skulde reise ivegen aa hente Aksleson aat ein laakhelsa Gut paa di Garde, Hougjin va husmann. Da han kom nord-um Snelhougen, sta’na Gampen hans og sto, som han skulde vore negla fast – ikje vilde han fram og ikje att-ende og ikje vilde han aat nogor ’taa Si’om, skolv gjorde han som eit Ospelouv og va saa redd, at de pista i Naasaa-Borom. Gamel-Hougjin skjøna, kaa som va i Vegje, for de va Fleire, som ha vore ute for di Saamaa paa di Flekkje. Og han kjennde nok den Raa’e aa sjaa igjønom Hugumæle ou, men han tenkte, han skulde freiste ei annor ei, fyst. „Er de naagaa Illt, saa reis te Helvitis, men er de naagaa Godt, saa be eg um aa faa sleppe fram i Guds Namn!“ sa Hougjin. Jou de vart Losna ’taa! Hesten bar aat att, saa de va me stor Nø’ han va go-te aa styre ’om og saales gjekk de, te han kom langt nord-paa Sambuvollann.

Han Kristen Bjønnsta vart ute for ein Att-Gangar Eingong og de gjekk saales te. Ein ’taa Grannom hans laag laak og saa va de seint um Kvell’n, da han Kristen gjekk aat Stalle, han fekk sjaa ein slik onderle Ljoskje paa Himile upp-ivi Lalms-Gardom. „No gjorde han nok fraa se Verde Gamel-Bolsta’n,“ sa han Kristen, da han kom inn att. Og de va saa ou, men døm fekk ikje Døar-Orde hans paa Bjønnsta, førr de lei’ ut-paa hinn Dagen. Tile um Maargaan skulde han Kristen reise aat Heidale, longe førr de elda for Dagje. Da han kom sø-i Bolsta-Jorde