Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/56

Denne siden er ikke korrekturlest
– 44 –

sta’na Hesten hans og da han saag te va de den av-fullne Grannin hans, som volda de. Han Kristen ha ikje høyrt enno, at Bolsta’n va dø, men han tyktes vera viss paa di etter di han saag um Kvell’n og no vart han full-viss paa di. Han va ikje skvettin ’taa se, han Kristen, og han ba den gamle Grannin sin faaraa i Fre og faa sleppe fram i Jesu Namn. Detta tok han Kristen upp att fleire Gongo, men han vart ikje skjøld ve han, og Hesten kom ikje utu Føtom[1]. Da tenkte han Kristen, at han fekk vise han fraa se den hinn Vegen og sjaa, um han da vart skjøld ve han. „Reis te Helvitis, da!“ sa han Kristen, og me di saamaa va Bolsta’n som sokkje ne, og Hesten losna saa de stinntas, han va Kar um aa styre ’om. Men detta tykte han Kristen va naagaa foronderle, for Bolsta’n ha vore ein framifraa glup Mann all si Ti’ og ingen ha ’om nugun Orett hell nogor Miss-Gjerd aa te-seja.


Paa Bjølsta va de ei Enkje for lengje sia, som heitte Gamel-Mari. Ho va komin fraa Nordigard Kleppe og va ei Menneskje, som paa all Vis va utu-maata go-te se. Men ho sto berre ette aa graavaa ihop Rikdom og slaa onde se allt, ho naadd og ivi-kom; og Magte ha ho, difor bøygde ho Retten, dit ho vilde, me feite Gjell-Ukse og Gjeld-Bukke, ho smorde Fout og Skrivar me. Paa denne Visen trætta ho aat se Lusætermaarkje fraa Skogbygds-Gardom og ei stor Flengje[2] i Sjoli’n fraa Granngardom sine. Da Sakje um Lusætermaarkje sto paa Aasta’e, ha Vitne henne Mari Jord i Sko-om sine som døm ha tikji paa Bjølsta og saa gjorde døm Ei’ paa, at døm „sto paa Bjølsta-Grunn“. Den Ti’e ha Bjølsta Sæter paa Gamel-Sæter’n, døm kalla, og da ho laag midt i Vegje for alle, som foor ivi Heidalsskogen, va de gomol Skjikk aa gaa inn paa Gamel-Sætern og faa se Mjolk-Drikke. Men detta ha ikje ho Mari Raa te og saa ga ho se te aa vera Budeie sjøl um Somrann, saa kunde ho da faa Ende paa di Kosttna’e. Aat Spaanaa-Kjeringom sine vog ho snøgg Vegt naar døm skulde ha Betaling for Spaanan og paa alle Maate skulde

  1. Fotom, ’taa Føt: Skredt, Steg.
  2. Flengje: stor Vidd.