Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/57

Denne siden er ikke korrekturlest
– 45 –

ho ha ein Mon, um han va alder saa liten. Alle venta se, at ho Mari vilde kaamaa te aa gaa att og ikje faa Grav-Fre for all Oretten ho foor me, mea ho va te. Og saales gjekk de ou; allt da ho skulde i Jorde, bar de te aa syne se Inkort – Grinndinn ette Vegje spratt upp ’taa se sjøl for Likje; „de hasta nok me henne Mor, idag,“ skulde Son henna seja, da han saag detta. Ette ho va jorda saag døm ho fleire Gongo og stødt sa ho di Orde: „Rokketoppen er drug –: ei Tynne Konn og ei Ku!“ Da skjønte Folke, at de va for di ho ha gjort Synd paa Spaanaa-Kjeringom sine, at ho ikje fekk Fre, og saa ga døm burt ei Ku og ei Konn-Tynne aat di Fattige og sia saag døm ikje ho gjekk att meir.


Paa ein a’an ’taa Stor-Gardom i Bygden va de ei gomol Bakstugu, som de alder va stillt i um Neet’n, de heldt paa donnde, smala og braakaa Natte igjønom. Saales heldt de ve baade ein Manns-Alder og tvo. Saa skulde Stugo golvast upp att og da fann døm Beinra’e ’taa eit Menneskje onde Golve. Og no livde de att nogre ellgamle Menn, som ha tent paa Garde i Ongdomme; døm kunde minnast, at de Eingong kom ein Handelskar og ba Hus der um Natte og han skulde liggje i di Bakstugun[1]. Da Tenest-Karann la se um Kvell’n kom Mann og sa ve døm, at døm gjorde ikje me aa staa upp aa gjeva Øykjom um Maargaan, de skulde han gjera, for han lout upp tile, lell, han og følgje di framonde Kare me Hest. Um Natte høyrde døm naagaa Brask fraa Stugun der Handelskar’n laag, men døm tenkte ikje meir paa de. No skjøna døm, kaa de ha vorte ’taa baade honom og Peningom hans.


Kleiv’in, Son aat Rokke-Maakaare, foor ofte umkring og selde Aske og Øskjo, Spjolkje og Vevar-Grinde og slike Ting, han gjorde saa mykje ’taa ei Ti’. Seint ein Kvell ba han Hus paa ein Gard sø-paa Stor-Fron[2] Eingong, han gjekk saales. Folkje va

  1. Bakstugu: ei Stugu som er att-aat bygt seinar.
  2. Stor-Fron: Gardann nerast umkring Hugukjørkja.