Firi-aat Svartdoua va de mange Sta’nn i Lannde de viste se eit stort, blaa-klædd Kvinnfolk, som gjekk me ein Solv og ei Rive. ho heldt se helst i Høgdom og slike Stelle, at ho va visle for store Vidde ’taa ei Bygd. I summe Bygd-Lag saag døm ho dreiv og sopte me Solve og i andre raakaa ho me Rivun. Detta skjøna alle baa’st[1] for inkor Olykka og døm gjekk me ein stor Otte paa se seint og ti’le. Saa kom Svartdouin trast ette og der, detta Kvinnfolke ha brukt Solven, der do Folke ut forr-ende, men der, ho ha brukt Riva, bergast inkun for Sotten. Paa Vaagaa viste ho se inni Felle ve Rond-Kampann[2] og da dreiv ho paa me Rivun. Og Folke do ikje reint ut hell, her i Bygden, enda de va nok lite att; paa Lalm gjekk ikje Plogen paa andre Stelle hell Ner-Bjønnsta, Vaar’n ette. Saa fortalde di Gamle.
I Heidale va de lite bygt firi Svartdoua og i honom rouk de me forr-ende Dal’n ne-over like aat Slette, der paa Garde vart de att-levande ei ong Jente. Saamaa-eins gjekk de te paa Dovre, men der va de ein ong Gut som livde att. Summe ha sagt, at de va paa Andgard. Som Von kunde vera, tykte denne onge Guten, at de vart stusle aa leva som ein einsle Fugel, all sin Dag, og difor tok han ut paa Vidde og vilde leite se fram aat buandes Folk. De va trast inni Jul-Daagaa’m han tok ut fraa Dovre, men messt forr-ende ivi Sell og Bræe-Bygde[3] sto Stugun me kall Aare og summe Sta’nn laag Likje i Sengjom, der de ingen ha livt att, te aa haa døm i kriste Jord. Guten venda da han kom aat Kolun og la Vegen sin uppi Heidal’n; da han kom aat Slette saag han de tandra[4] upp-igjønom Ljorin i Stugun. De va Julkvell’n og han gledd se paa, aa faa kaamaa i Hus og vera i Lag me sin Likje att, eingong. De sto ope eit Glugg paa ein ’taa Stugu-Veggjom og Guten gjekk burt-aat og glytta inn. Der fekk han sjaa ei ong, vakker Jente som heldt