Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/66

Denne siden er ikke korrekturlest
– 54 –

aa ha vore imillom 1230 og 1300. Saamaa Bele va de ein Ridder paa Kvie i Valders, han Sigvat paa Kvie; de va baade ein stout, røsle Kar og den megtogaste Mann i Valders-Bygdom i hans Daagaa. Den Ækte paa Kvie va enda kome i Gjiftarmaals Skylde me Kongs-Ækten, saa de va ikje Smaafolk, di Kvie-Ridderann.

Men imillom ’om Iva Gjæsling paa Sambu og ’om Sigvat paa Kvie, han budde no elles paa Melby, ha de vorte hard Ovenskap, saa døm laag ette ein-a’an baade me Odd og Egg. Denne Osamna’n kom se fraa Fyst’n um Heimdal’n og Fiskingje i Heimdals-Vatne. Valdersann’ tykte full, at Nere Heimdal’n laag paa deres Eige saa væl som Øvre Heimdal’n, og naar han Sigvat paa Melby laag i Øvre Heimdale, saa fiska han paa Nere Heimdals-Vatne ou, um han Iva Gjæsling alder saa mykjy ha sli’i Eigna paa Vatne. Og raakaa han Karann hans Iva ve Osen, saa dengde han døm og sette Eld paa Bu og Nouster. Men kom han Iva der sjøl me Mannskap og vilde taakaa Hemn og forsvaaraa Eiga si, saa tordes ikje han Sigvat yppe se, da va han ikje lengje um aa haa se heim aat Melby att. For naar de galdt um Magte, saa va Gjæslingen forr-tong for ’om Sigvat. Detta gjekk saales ei Ti’ – kaar Gong han Iva freista aa faa Tak paa ’om Sigvat for Snikje-Ferde hans i Heimdale, va han burte, men naar han visste, at han Iva va heim aat Sambu att kome, ha han sitt Bruk i Heimdale, som de skulde vore hans rette Odel og Eige. Men att-aat desse Ovenskape um Heimdal’n, kom de naagaa Anna, som ikje va felle[1] te aa døyve Hate millom di tvo.

Nord-i Skaarvangje paa Vaagaa voks de upp ei Jente, som va saa maakaalous vakker, at ho va namnspord for di og vart kalla Skaarvangs-Sole. Han Iva Gjæsling ha Øygarde og Eigo uppi Skogbygden og Skaarvangje og foor ofte der uppi og da Skaarvangs-Sole vart full-vakse Jente, fekk han Hog te, aa fløtja ho aat Sambu saa ho kunde skjine der i Garde. Men førr han kom saa langt, ha han Sigvat Kvie paa ein hell a’an Vis faatt Tak te raakaa Skaarvangs-Sole, hann ou, og da han va den vakraste’ taa di tvo, fekk nok hann Hogen henna. Da dette kom for

  1. felle: høvele, lugum.