Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/67

Denne siden er ikke korrekturlest
– 55 –

Øyrom hans Iva Gjæsling, tok han Jenta paa Gard’n me eingong, han tenkte full, de va lite trygt aa haa ho uppi Skaarvangje lenger, naar hans argaste Fiend’ ha kasta Ougo sine paa ho. Førr han kunde faa Ti’ te aa gjera eit sømle Gjestbo paa Sambu, lout han gjera ei Ferd i Kongens Ærend aat Dovre og Lesja og kom te aa bli burte i nogre Daagaa. Han tok me se de meste vaapn-føre Mannskape sitt og paa Sambu va de att berre Arbei’sfolk og nogre faa Vakt-Menn.

Ikje førr ha han Iva Gjæsling ri’e utu Garde, førr Skaarvangs-Sole fekk gjort ei Snar-Bo aat Melby og varsla ’om Sigvat um, at no va ho sett i Bur og vilde han løyse ho ut, fekk han kaamaa fort mea Houken va burte. Ette di Bo’n kom han Sigvat me all si Magt, drap Vaktinn og Gardsfolke paa Sambu, tok Skaarvangs-Sole og sette Eld paa Gard’n. Da han rei nord-ivi mot Finnbru’n me Skaarvangs-Sol’n paa Sal-Knappe, venda han se i Sale og saag att-ende aat Sambu og da han saag Laagan sto te Himils, sa han: „no gjæl Rouhanan ivi Ulvehie.“ Han sprengje-rei’ for aa kaamaa utu Bygden saa kvasst, som de fanst Raa’ for han visste, at kom „Ulven“ att no, og naadd ’om, saa saag han ikje Valders meir.

Førr Brandann va slokkje i Hus-Toftom paa Sambu, kom han Iva Gjæsling att og da han skjøna, at Ranar’n ikje kunde vera saa langt paa Heim-Lei’e kome enno, sette han ette me di saamaa.

Kvie-Ridder’n og Følgje hans vanns ikje lenger me Dagje, hell burt-i Fugelsætre ve Tesse, der vilde han helde Kvild myrkaste Natte, men han ha Otte paa se og sette ein troust Mann te aa helde Vakt. I Graa-Lysingen um Maargaan kom han Iva Gjæsling ette og da han tyktes aa vera viss paa, at han ha Skarven i Fugelsæter’n, va de Kaste, aa kaamaa osedd over Fugelsæter-Myrinn. Fekk Valdersann sjaa døm, saa visste han Iva, at døm sette paa Skogen, Kvie-Ridderen tordes alder gaa imot ’om i ei ærle Kule. Difor let han Mannskape sitt skjera se kaar-si grøn Louv-Buske, døm skulde bera frama’for se, mea døm gjekk ivi Myre. Detta gjekk væl ou, lengje, men saa merkte Vakte, at Bjørkeskogen fløtte se og de vara han ’om Sigvat um: „no ser eg Skogen gaar!“ sa han. Da han Sigvat høyrde de,