Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/70

Denne siden er ikke korrekturlest
– 58 –

ut-ve Trykjo[1] og der ha Hougann synt te her Eitt-Aare, da Aae vart saa stor, at ho grov døm ut.

Slage i Kringom 1612.

Danmark og Sverig laag og slost i Kalmar-Kri’e, døm kalla, og kaart ’taa Landom sto ette, aa gjera di andre all den Ska’in døm saag se Lei’[2] for. Den Ti’e ha ikje naagaa ’taa Landom eit fast Lanns-Forsvar, men dreiv paa me aa leigje se Her-Folk døm kverva i Utlandom. Nordmennann ha ikje lenger naagaa godt Ord paa se for, at døm sto rei’uge te aa verje Lann og Rikje som i gomol Ti’ og i Sjougaars-Kri’e er de sagt, at Bøndann nogre Gongo beint ut nekta aa verje Lannde. Dette er full ikje saa gale, ivi ein Lang, for i di saamaa Kri’e synte Nordmennann, at døm ikje gruva meir, hell førr, for aa gaa i Kast me Svenskom naar de va um aa gjera, aa berge Hus og Heim. Di gamle Lovinn um Ledingje galdt enno, men den Gjerde aa verje Lannde paa, ha no vorte allt-for gamle-dags. Han Kristian den 4de ha lagt paa Bøndann aa kjøpe se Børso, men nogor fast Utskriving og Upp-Øving ’taa Sylatere ha de ikje vorte enno.

Svenske-Kongen, han Gustav Adolf, dreiv og leigde se Folk i Nederlanndom, Engelann og Skottlann og ein svensk Ovest, heitte Munkhaven, ha kverva paa Lag 1000 Mann i Nederlanndom som han gjekk te-sjøs me paa 4 Skjep i 1612. Desse Skjepe kom inn paa Syn’mør og va i-lann og rana se Mat-Fang paa nogre Garde; sia segla døm uppi Trondems-Fjord’n og lennda te-sist i Stjørdale. Der foor døm styggt aat me Plondring, Mord og Braanaa og forutta aa kalle naagaa Mot-Tak, slapp heile Hurven inn-i Sverig. Lens-Herrin i Trondem, ein Danskje, heitte Sten Bille, va baade sein-tenkt og redd og de Mot-Take han freista aa gjera, ette de va forr-seint, va ikje naagaa verd. Han fall i Onaa’e ou, for Aat-Ferde si og vart sett i Fangehus i aar-vis.

I Skottlann ha ein a’an Ovest, Ramsay, kverva ein Hop me

  1. Trykjo (kanhende Trytjo hell Try’hjo), den Aae, som renn utu Bjølsta-Vatne paa Heidalsskogje.
  2. Lei’: Tak, Utveg.