Skottann kom midt onde Veltunn. Detta va væl ut-tenkt ’taa Bøndom og at døm elles ha Spejare, saa døm visste baade kaar Skottann foor og kaar manna døm va, er ikje aa tvile paa.
Fraa gomolt ha de vore sagt, at Lom-Verinn ikje møtte fram og va me i Kringom i 1612 og døm va i lange Ti’e lagt for Hat ’taa di hine Bygdom i Norddale for di Skull. Men ette, som Orde gjekk paa Lom i Gamel-Ti’n, va de me ein liten Hop fraa der i Bygden. Den vetle Hopen sette ivegen me di saamaa døm fekk Baae fraa Lesja; sia samla de se tvo Hope te, den eine gjekk um Finndalen og kom forr-seint fram, den andre kom berre aat Raa’sbakka i Vaardale. Der kvilte døm, raa’la se me ein-a’an og fann ut, at antell ha Skottann tapt hell vunne, førr døm rokk fram – Skottann kom ikje uppi Lom, lell, og difor ha døm ikje naagaa der aa gjera. Me di snudde døm heim att. Den heile Sanningje me desse, er nok vand aa finne; men de er nok visst at Folke i Lom og Sjaak ha gjeve se go Dag og synt saa liten Samhog, at di hine Bygdin vart harme.
Um Skottann er aa melle, at ette som døm foor, rymde Folke onda, men da døm visste, at de va Mat, Skottann fyst og framst trongde og lout raa’ se te, bar døm fram Mat paa Borde og sette att ette se naar døm rymde utu Husom. Folke tenkte, at naar Skottann saag dette, let døm full vera aa øy’leggje i Husom hell setja Eld paa. Og summe Sta’ann foor døm aat som Folk, men andre Sta’ann bar døm se aat som Røvare og di verste Rans-Menn. Fleire Garde sette døm Eld’n paa. Sinklars-Visa fortel, at døm „skjendte og brendte hvor de drog frem, al Folke-Ret monne de krænke. Oldingens Afmagt rørte ei dem, de spotted den grædende Enke“. Dette er, kanhende, væl mykjy ’taa di, for ette di, som Stathaldar Kruse si i ei Melling um Skottann, skulde døm ha fare saa overlag folkele fram. Difor skulde de ikje vera sannt de, som ha vore fortald um den stygge Aatferde deres paa Lesja. No kan de gjenne vera sannt, at Skottann foor fram paa ein skjikkelegar Maate, hell slike Leig-Here oftast gjorde, men naar ein no veit, at Skottann va ihop-skraapaa Herk ’taa alle Slag og at døm lout raa’ se te den Maten, døm trongde, der døm foor, saa er de radt aa veta, at de va ikje paa den sømelegaste Maatin døm bar se aat alle Sta’ann. Um døm ikje nettup brennde