Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/75

Denne siden er ikke korrekturlest
– 63 –

Bygdinn forr-ende, saa foor døm no lell fram som Fien’ gjere igjønom Fien’-Lann. Saales saa lyg nok ikje de gamle Orde, som ha gaatt um Skottann, fælt mykjy; der, de stakk døm, sette døm Eld’n paa Gardann’ og øy’lagde de døm vanst, som hjertloust Herk.

Skottann foor fort og skonda paa se, meste døm kunna. Paa Kraakvollom paa Dovre slo døm Leger og her ha døm Leik og Dans ut-over Kvell’n ette Sylater-Musikkje; Bygdafolke satt uppi Liom og saag paa. Der paa Kraakvollom heldt døm Be’ar-Dag, ou, og ba um aa sleppe vælskapte gjønom Roste, Begjilskleive og „den høge Bru“. Roste ha døm no trast paa Hendom, Begjilskleive va Ellstakleive i Ringbu og den høge Brue va Brue over Tromse, ho va den Gongen berre ei Stokk-Lengd, men de va 15 Famne ne-paa Vatne.

Rette Førar’n aat Skottom va Ovest Ramsay, men her i Dale tok døm Sinklar for aa vera Hugu-Mann; trule ha han vore ein grusk og ruvele Kar som ha vist se utu millom di andre, saales er full de Misstake kome se. Segne fortel, at han Sinklar ha Fruga me se og at ho ha me eit lite Baan som kom te paa Sjø’n. Summe ha sagt, ho va eit saa framifraa godt Menneskje, og summe, at ho va ei Hekse og kunna Trollkonste.

Skottann ha tvo Ver-Kalve, hell Ver-Loupare me se; døm foor ei halv Dags-Lei’ firi Here og snossa ette, um de va nugun Fare, hell nogor Otrygd paa Ferd. Dessa Ver-Kalvann va friskar hell Gardloupar-Honde, kvasse som Eldingen og saag ikje ut som Folk. Kjøte va utu-skore i Tjukk-Leggjom, bak i Laarom og i Sesse paa døm; Naasaa-Borinn va ou upp-skorne. Folk meinte detta va gjort ve døm for, at døm skulde vera saa mykjy lettare te aa renne umkring og alle Folk va reddare døm, hell Skottann sjølve. Døm kunde kjenne Ver ’taa Folk lange Lei’inn og kunde drepa ei Menneskje førr ho fekk snu se: døm skout se uppaa Ryggen og knekte Nakkjin i Folk. Kaar Kvell kom døm att-ende aat ’om Sinklar me allt, døm ha vera upp. Den eine Ver-Kalven vart ihel-skotin i Romsdale paa ein Gard heitte Roustul’n, den andre tok døm Live ’taa paa Øygarde paa Sell. Der va Folke rymde av saaner som ein Tenestkar og ein Gutongje, og da døm saag Ver-Kalven heldt paa aa kaamaa, la Tenestguten se me Staalbaagaa