Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/76

Denne siden er ikke korrekturlest
– 64 –

sine inn i ein Hampe-Aaker og Gutongjen kleiv uppaa Stugu-Take. Der skulde han staa attfor Omn-Pipun, helde Ouga me Ver-Kalve og gjera Peik aat Tenestgute, naar han kom beint for ’om. Han va inn-i Our-Bu’n paa Øygarde og sette se væl me Skjør og Sur-Rumme og da han kom ut att, sto han og drog Ve’r som ein Honn. Men hann i Hampe-Aakre kunde han ikje ve’re, for di Hampe-Lukte va forr-sterk. Og me di saamaa han kom midt for der Guten laag, fekk han Pile beint i Live saa Skjøre og Rummin skvatt utu ’om. Han spratt ende upp fraa Marken, jemn-høgt ve se sjøl me di saamaa han fekk Skote. Men Folk heldt for, at detta va de gjildaste Varpe, som vart gjort, for ha Ver-Kalven kome firi sy-i Kringann, ha han nok vera upp, kaa som der va onde-gjort.

Da Skottann kjøm aat Rostbru’n er ho burte og saa lout døm langt uppi Bratta og kom ne igjønom den bratte Horge-Lie aat Nord-Sell. De va Kvell’n da døm kom her og han Sinklar og di hine Gffeserann laag paa Romongard; ette som de ha vore sagt, ska Stugo Sinklar og Fruga laag i, enno staa paa Garde. Folke paa Nord-Sell va rymde ’taa Gardom, men døm ha bonde Lous-Nout[1] i Skjigards-Ha’fellom for døm venta se, at da let Skottann vera aa skam-faaraa Huse. Og de gjorde døm hell-ikje. Da han Sinklar saag di vakre Nordsells-Gardann og Sells-Vollann sø-over, skulde han seja, at no bar de te aa emne se te Vælstann, men fyst naar døm naadd Hei’marken vilde de bli Gjerd paa di.

Kaar Maargaa brukte Sinklar og brenne Krut i Neva sine; me di saag han, kaarles de vilde gaa døm um Dagen: slo Krut-Røyken ne-aat Jord’n, kunde døm herje og brenne og faaraa trygt, slo han beint te-vers vilde døm faa Stri’, men vinne; men slo han mot Bringun hans, fekk døm taakaa se væl i Agt, for de va eit leitt Mark. Og um Maargaan da døm skulde taakaa ut fraa Nord-Sell, sto Sinklar uti Garde paa Romongard og brende Krut i Lova sine. Røyken slo beint i Bringa paa ’om og da sa han: „Idag tager jeg Skade paa mit Folk, hvor stor den kan blive.“

Saa foor døm sø-ivi Sells-Vollann me Mannskape; summe

  1. Lous-Nout: Ong-Fe.