Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/78

Denne siden er ikke korrekturlest
– 66 –

Timber og Stein knøsja ihop og sopte me se ein brei Teig radt ne-i Laagen saa han vart rou ’taa Blo – summe ’taa Skottom vart førde tvert-ivi Elve aat andre Siun. Men Stor-Hopen sto att saa fjettra og for-fælde, at døm kom se ikje te aa bruke Vyrjunn sine paa Bøndann som no set paa døm fraa alle Lei’e me Børso, Staalbaagaa, Økse og Spjut. Før døm fær aarekt se er døm drepne ne te siste Mann. Ein Hop Skotte som va nerast Elven og sette beint aat henna, vart møtte ’taa nogre som heldt Vakt paa hi Sia, og drepne ette som døm naadde i-lann. Og ein liten Hop, som va kome øvst uppi Høgkringann og framum Lunnann, da døm losna, gjorde kvasst Mot-Tak saa 6 ’taa Bøndom fall og mange vart saara, men døm saag trast, at de nytta ikje lenger og saa la døm ne Vyrjunn sine og ba um Fre’. I desse fremste Hope va Sinklar og Fruga og alle Offeserann; han Berdon Segelsta klemde te, men de klikka! Andre Gongen faataa de og Sinklar fær Halsknappen beint ivi vinstre Ouga saa han seig att-aa-bak ’taa Heste; me di saamaa skulde han seja: „de var Berdon Segelstads Hake[1]!“ Fru Sinklar sat i Sale me Baane sine i Armom og saag paa, kaarles Folke umkring ho vart sligne ne og at Mann henna fall. Best de va kom de ei Kule og støkkte Live hjaa Baane henna. Ho skrik stort Jammer-Skreek og mea ho sit og turka Bloe ’taa Baane, kjøm han Kjel Fjordongrein og vil taakaa de utu Hendom henne. Men da kjørde den vet-slupne Mori ei lang Flus beint i Bringa paa ’om, saa han seig dou aat Marken. Summe ha sagt, at Steinvelta førde Sinklar-Fruga uti Elve, og at ho me Trollkonste heldt se uppe saa ho sat og flout paa Baarom, me Baane i Armom, te ei Kule tok Live henne. Men ette som Presten, Kristofer Eriksen Glad, skriv i Kalls-Bokje paa Vaagaa, vart ho tikjin te Fange og fekk ha Live.

Heile denne Heto i Kringom sto paa berre ein halv Time; da ho Pillar-Guri saag Laagen vart rou ’taa Blo ne-onde, kasta ho Lu’n att-ivi Hugue sitt, sette se paa Fjelle og greet. Baade Pillar-Guri-Hallingen og Sinklar-Marsen gaar i Bygden den Dag

  1. Hake: Haakaa-Børse, „Hagebørse“.