og Veltunnn aat Bøndom, ikje kunde ha se saales. Men dette
kjøm se ’taa di, at Jord-Skapna’n i Høgkringom vart reint
avlaagaa i Offsa 1789. Jorde ljøp da ut saa heile Li’e latna
og vart ikje te aa kjenne att, mot ho va førr. At Lunnann kan
ha drepe ne di meste ’taa Skottom, er Oraa’, Stor-Hopen ha
Bøndann fellt me di Vyrjun, døm ha i Hendom. Skottann ha
kome saa o-venta inn-i denne Klemba og vorte saa forfjamsa ’taa
Stein-Skriuom og Stokk-Løypingen, at døm ikje ha vore go-te
gjort eitt sams og fast Mot-Tak. Og saa ha Bøndann sliist baade
kvasst og godt me di laake Vyrjun døm aatte.
I gamle Daagaa va Nybaar’ ein sjøl-eigande Gard førr de kom onde Bjølsta og i di Ti’n va de tvo Brør i Nybaar, som va naagaa framifraa hard-sette El’s-Skjyttare. Men døm va tvæ fæle Aagaa-Løyso ou, som ofte foor olikt aat baade me Heie og Kriste.
Den eine ’taa Brørom raakaa fram-i ein Elg paa Sein-Houste, Eingong, som han ikje va Kar um aa kaamaa i Skott ve. Han floug og strennda all Maark upp, høgt og laagt, vidt og breidt og sist vart han saa endin og utkjørd, at han lout gjeva se. Men da forbanna han se te Liv og Sæl paa, at detta skulde Elgen kaamaa te aa umgjelde, naar de vart Skaaraa-Føre te-vaars.
Vaar’n ette jaagaa han upp ei El’s-Ku paa Skaaraa og ho sette han ette paa Skjiom. Kue gjekk sist-paa me Kalve og Skaaran va hard saa El’s-Kue baska hardt me aa kaamaa onda. No ska eg naa meg, for de eg floug i Maafaa i Houst! tenkte Nybaar’n, han saag de vilde ikje gaa lengje, førr El’s-Kue gjekk upp. Um ei Ri’ fekk ho ikje Fot um a’an meir, men da venda ho se midt imot ’om, detta se paa Kne og sytte. Nybaar’n sette Kula i ho, lell, han og me di saamaa ho fekk Skote, kalva ho.
Um Kvell’n da han gjekk paa Heim-Vegen, bar ho te aa kaamaa upp-att i Tankom hans, denna stakkars El’s-Kue han dreiv saa hardt inn-i Douin. Te meir han tenkte paa de, te har-