Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/84

Denne siden er ikke korrekturlest
– 72 –


døm aat Utlande og fekk store Pening for hjaa Droningo, Prinsesso og Ridder-Frugo som brukte døm te aa vei’e Fugel naar døm rei’ ut paa Fugel-Vei’ing. Di beste Falkan fekk mang ein Gong Sylv-Spaaraa paa se og naar desse Stor-Kvinnfolkje rei’ ut paa Vei’ing, va Falkann saa tamde, at døm sat me døm paa Haann.

Han Anders Ulv.

De va naagaa saa onderle me ’om Anders Ulv, Ingen ha høyrt Maakan, her i desse Bygdom. Saa grovt lengje sia, han livde, kan de ikje vera hell, for Mor hans Bestefar minntes han, mea ho va Vetljente heime paa Sambu. Ette di skulde de stikke inn-aat[1] otte Reiso[2] Tjuge Aar sia. Ho taalaa ofte um, at da ho va saa ein seks, sjou Aar, kom han Anders inn paa Uppigar Sør-Sambu ein Dag mea Folke sat ve Borde og nønte[3]. Han ba um Mat og de laavaa Kjeringje ’om at han skulde faa, men han lout bie, sa ho ve’n, te hitt Folke ha ete fraa se. De va Kjøt og Kaal-Supe te Nons og han Anders sat paa Stabba og ni’stirde burt-paa Borde. Han tykte nok, de vart lengje aa bie, for mea’ han sat paa Stabba, bar de te aa renne Taame[4] utu Munns-Vikom hans og best de va, sto han upp og gjekk te-dørs. I saamaa Stonn fekk døm høyre, de skreik ei Purke saa innverkjeleg og da døm kom ut og skulde sjaa kaa som sto’ paa, foor de ein avraa’e stor Ulv ne-over Aakrann me Purkun i Kjefte og de va alt Oraa’ og berge Live henne. Jou, han fekk Flesk te Nons da, han Anders, for de va hann, maa’ta, som ha tikji Ulve-Ham paa se og drepe Purka. De va de, maa’ta, som ha gjeve ’om Namne, at han ha Ulve-Ham og kunde taakaa den paa naar han vilde og berre han ha han ’taa att, va han som anna Folk att i saamaa Stonn. Han ha havt Stygg-Mor mea’ han va liten og ho va saa go Troll-Kjering, at ho kasta antell de va Bjønn-Ham hell Ulve-Ham paa kem ho vilde. Og saa ha ho kasta Ulve-

  1. stikke inn-aat: vera nere paa, „nærme sig sterkt“.
  2. otte Reiso: otte Gongo.
  3. nønte: aat None, Middagsmaten.
  4. Taame „Tømmer“; Meiningje er at de seig Strengje ’taa Sikl utu Munns-Vikom hans.