Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/90

Denne siden er ikke korrekturlest
– 78 –

Fingre sine og va likt te aa halde paa ormektas[1] ’taa Anger og Sorg.

Saales bar ho sjøl upp, me di, som ha liggji og gnagje paa Hjerta henne heile, lange Vinter’n. Folk sto som klomsa, da døm sporde de og alle tykte, de va ikje Raa’ skapt, at ho Anne ha gjort naagaa saa kjøylsle[2] ’taa si eigje Raa’.

Ho Anne kom for Retten og ho sto ve, at ho ha født i Dølsmaal og gjort Ende paa Fostre. Men naagaa meir um kem, som va Baan-Far og kaarles de elles ha gaat forr se, fannst de ikje Raa’, ho vilde gjeva Grei’e paa. Missgjerde ha ho gjort; men ho va oskjyldog i di, sa ho, og ho ba berre um aa faa Dommen sin og li’ for de, ho ha gjort. Dommen lydde paa, at ho skulde avlivast me Sverd. Fraa di han fall og te ho Anne skulde rettas, va ho heime paa Kleppe; ho va saa framifraa vælhennt og for aa faa Ti’e te aa gaa, sat ho og soma Krota-Som[3]. Og saa va ho go te aa laate paa Langspel; naar Tankann vilde forr-gaa ho, tok ho Langspele og song og leet saa baade ho sjøl og døm, som lydde paa, vart graatande. Saa va de ein Efta, ho Anne sat me Some sine i Ellhuse hjaa ei Bakstar-Kjering, som heldt paa baakaa te Saamaars. Ho ha enda nere ferdog ei utsoma Hals-Linning, som va framifraa fin og forr-se-gjord. Best døm sat, vart døm var ein framon, byklædd Kar kom ri’ande te-gards. Ho Anne vart kvit-bleik og sa: „Aa, der kjøm hann, som ska taakaa Live mitt!“ me di saamaa stakk ho den fine Hals-Linningje onde Bagsthella.

Og de va som ho sa, de va Rettarmann, ein ong, stout Kar fraa Kristian. Allt Dagen ette skulde ho Anne av-livas i Vaagaa-Mo og Rettarmann vilde sjaa og taalaa ve ho firi-aat. Da han ha taalaa ve ho ei Stonn bou han henne te, aa frelse Live henna, um ho vilde bli Kjeringje hans, for han va ogjift og ha Rett te aa taakaa fri eit livsdømt Kvinnfolk, naar han vilde gjifte se me henne. Og ho Anne fekk han Hog aat me di saamaa, han saag ho. Men ho vilde ikje – de hjelpte ikje kaar mykjy han og di andre baade ba ho og talde for henne. Ho vilde li’ Straffe si,

  1. ormektas: avmagtas, felle burt.
  2. kjøylsle: kaldsle, fælt.
  3. Krota-Som: Ut-Soming, „Brodering“.