Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/94

Denne siden er ikke korrekturlest
– 82 –

hans heitte Maria Glad og va full’taa saamaa Ækten som Lo’mann i Upplanndom, han Hans Glad og Presten paa Vaagaa, Kristoffer Eriksøn, som ou kalla se Glad. Ho va Dotter aat Assessor Glad som va gjift me henne Maren Grüner. Han Hendrik Sonde vart snøggt ein rik Mann og bar te aa kjøpe upp Garde baade i Vaagaa og i andre Bygde. Her i Bygden aatte han Sonde, Haakaasta, Kloness og 4 mindre Garde, inn-paa Folldale aatte han ei heil Laan me Garde og naar Leiglenningann hans der i Bygden kom me Uksom, døm ha ale upp aat ’om i Lannskyll, va de ei stor Drivt, kaar Vaar. Og paa Lom, Lesja og Fron ha han Garde og Jord-Eigo, han sette burt; ut-paa Toten aatte han den store Garden Rognsta. Paa Sonde sette han upp ei trihøg Stugu og de va den Ti’e den einaste Stugo i heile Gullbransdale me tri Høgde, ho va no namnspord ou, ivi heile Dal’n.

Sond-Skrivar’n skulde vera ein go’ Ræv som visste aa fylle Pongen og Folk sa mykjy ’taa all di Smorningje, som kom aat Sonde fraa alle Kante, feite Yksne, Bukke, Heste og Vill-Vare. Men Embette sitt røgta han væl og Dommann hans sto se oftast for høgre Rette. Han ha go Gjerd paa aa umgaa-ast me Bygdafolk og va ein gjemennle Kar, men Vag-Verin trudde ’om ikje forr-væl og alle’minnst, naar han va mest go’beine[1]. De va ein stout og stasele Mann, han Hendrik, som ha Vet paa aa leva millom di Store ou, for naar han summe Gongo møtte i Oberhoffrette, kom han i-gjest[2] baade hjaa Statholdar og Bisp og alle di Store inne i By’n. Difor klædde han se baade fint og dyrt og fylgde Mota paa alle Vis. Naar han kom ri’ande te-tings paa di svarte Danske Merr’n, han ha faat i Gaave fraa „Visestatholder“ Krag, i polsk Huve me Maarslag[3], me Sylv-„Hirtsfænger“ og sylvslii „Gehæng“, saa ruvde nok han Hendrik i Sale. Og naar han lydde Messe paa Høgti’s-Daagaa’m og kom i gul El’shu’-Brok me 16 Sylvknappe, graa Vest me 34 Filigrans-Knappe, sylv-lista graa Kjol me 23 store, snaaraa[4] Sylvknappe, spansk Parik og Demant-Ring me 9 Steine paa Fingre, saa gat

  1. go’beine: beinksamd, tenestviljug.
  2. i-gjest: te-gjest.
  3. Maar, Uttala er Mol me tjukk l.
  4. snaaraa: tvinna, snudde, „snoede“.