Jau, sa bekafanten, det var borti Stockholms by,
der hadde dei no alt det som stort var, både
kongelege slott og store gilde hus av alle slag. Og oppi
utkanten på byen, der hadde dei ein stor hage full
med ville og fæle dyr som dei hadde i bur og
gjekk og såg på om sundagane. Der var løver og
der var kamelar og sjiraffar og elefantar og
allslag andre medskapningar. Men mykje vil ha
meir, som ein sa for eit gamalt ord, og så tykte
dei ikkje endå dei hadde nok med alt dette. Dei
gav seg ikkje i Stockholm før dei hadde fått seg
ein ratleorm og til å ha i eit bur og glana på om
sundagane. Men nokon slik orm var ikkje å finna
anna enn i Amerika, og så sende dei to greivar og
ein baron av stad med eit stort krigsskip etter ein
slik orm; for dei fór ikkje med småkrusling i
Sverike, når dei fyrst fór med det, sa han. Så
fór dei over havet og langt inn i landet radt
til California, desse karane, og gjekk der og jakta
etter ratleormar både lenge og vel. Og sistpå var
dei så hepne dei fekk snara ein med kabelliner
og fekk han inn i eit svært jarnbur som dei hadde
med. Så tok dei han på trenet til New York og
fekk han ut på krigsskipet og tok så seglinga
heim att med han. Og du skulle sett på ståk i
Stockholm den dagen dei kom med han. Om det
så hadde vori ein konge, eller om du no sa ei
kongeleg prinsesse, så kunne det ikkje vori meir
folk nedpå bryggjene. Alle så ville dei sjå og
glana på dette underet. Så fekk dei buret og
ormen opp på ei svær kjerre og køyrde han opp
Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/100
Denne siden er godkjent