Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/13

Denne siden er godkjent

kunne la vera kyrkjetårna,» sa han Kolbein. «Eller kanskje det ikkje eingong har levd såvoren trollskap,» slo han Pål frampå. «Han far har sagt at det er berre snø og is som har bori steinane opp på toppane,» sa han, og dette ville dei helst tru alle fire no, då dei gjekk her så langt frå folk.


Det låg ei tjørn nede mellom haugane vestafor fjellskardet. Gutane laut svinta nedom der med det same og skulle sjå etter lomereir. Lomane heldt på og segla att og fram på same flekken langt inne, så dei munde ha reiret ein stad.

Gutane sette moltekoppane ifrå seg og gjekk innetter stranda. Då fauk lomane opp og skreik og kakla og fór i lange ringar tett over vatnet og haugane og hovuda deira; dei kunne ikkje hevja seg opp annleis. Dei var store og lange, mest som underlege fiskar som hadde fått venger, og føtene stod ende beint baketter.

Jau, innmed botnen på tjørna fann dei straks reiret. Det var berre som ei lita dokk i myra tett nedmed vatnet, så lomane kunne skuva seg ut i tjørna når dei ville, for dei kunne nok aldri gå på landjorda med dei underlege føtene sine. Det låg to digre gråsvarte egg i reiret, og dei høyrde i det same ei underleg piping og låting. Nei, men du under! — då dei skulle høyra, så var det inni det eine egget det lét. Ungen i det hadde fått liv