Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/17

Denne siden er godkjent

nedunder var sukkertre, og nokre store steinar atti ein bakke var husa åt Bjedne og Hansela og Ola-Ola som var farne til Amerika. Dei fekk sjå innom til dei når dei kom fram, og spørja koss dei stod seg med helsa.

Men det var langt fram, og rett som det gjekk på det beste, stansa Ebeneser opp og stod steins fast. Det var uråd å rikka det til nokon kant. Holmen stakk djupt i vatnet og måtte ha haka seg fast i ein stein eller ein rotstubb. Dei laut sjå til å koma seg i land att. Men då var det ikkje så greitt det heller. Det var for breitt å hoppa over på torvene, og for djupt til å va. Og symja kunne dei ikkje. Dei bleikna, dei byrge sjømennene, og alle farar i framande land vart brått til inkje mot denne eine knipa. Men så fekk dei til slutt auga på ein stein som stod eit stykke opp i vatnet mellom holmen og stranda. Pål og Gunnar hadde av seg kleda og kasta dei i land, og våga så å skreva over på steinen. Derifrå kom dei då i land og hjelpte sidan dei minste etter.


Sola var nede då dei kom attende til det djupe skardet og såg nedover. Ho var stor og bleik mest som ein måne, då ho seig ned for blåfjella. Det var alltid dag heime enno eit bel, om sola var nede; men her var det som kvelden kom dettande med ein gong då. Dei laut skunda seg alt dei vann. Dei tok på spranget nedetter.