Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/33

Denne siden er godkjent

dykk som blinde kvelpar alle saman, og så hadde eg fått skulda og skitorda, som slepte dykk av,» sa han. — Men då han fekk vita kor ille dei hadde vori uti det, blidna han seg straks, og då dei fortalde om det store sjøtrollet, lo han.

«Det er berre nisa som velter seg i sjøen såleis,» sa han. Så grov dei seg som våte høns over i båten hans; han tok jollen på slep og rodde innetter til Vika med dei.

Det var alt halvmørkt då dei kom der. Han Velom lyfte dei i land og baud seg endå til å fylgja dei heim, var så dei fælte. Nei, dei skulle greia seg sjølve no. Dei takka for seg og gjekk.

Slik mann som han Velom fanst ikkje, så mykje skjøna dei no. Dei lova at dei aldri meir skulle le åt han eller herma etter han, og endå minder taka jollen. Og det var ikkje sant at jekta hans var så fælt ring heller, let han Gunnar. Det var heller ei fin jekt. «Ho har alltid nokre bøter i fokke og storsegl og krampar i sidene, men det er då ikkje verre enn at ein mann går med bøtt brok, han kan vera like god for det,» sa han, og det tykte dei alle.

Det var kolmørke kvelden då dei kom opp i skogen nedafor garden. Dei høyrde steinulven guffa, og det tiska så uhugleg i lauvet. Men det var som inkje mot det dei hadde vori uti; og ikkje meir brydde dei seg om at dei kom uta fisk. Dei var berre så sjeleglade at dei kom heim sjølve.

Det stod no berre att å koma vel ifrå det heime, så dei vaksne ikkje fekk noko å seia. Dei var